KODE Kunstmuseene i Bergen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bygningen KODE 1, Permanenten Vestlandske kunstindustrimuseum.
Bygningen KODE 2, Stenersen.
Bygningen KODE 3, Rasmus Meyers Samlinger.
Foto: Nina Aldin Thune
Bygningen KODE 4, Lysverket.

KODE, som frå april 2013 vart nytt namn på institusjonen Kunstmuseene i Bergen, er ei såkalla konsolidert museumseining som rår over tre komponistheimar, eit kunstindustrimuseum og eit kunstmuseum. Målet med den såkalla konsolideringsprosessen var å organisere dei lokale musea i så store einingar at dei kan ha tilstrekkeleg med faglege tilsette på dei viktige arbeidsområda. Dei musea som har gått inn i Kunstmuseene i Bergen er dei fem fremste av musea for biletkunst, formgjeving og musikk i dette distriktet. Kunstmusea i Bergen vart organisert som ei stifting frå januar 2007.

KODE er tidlegare kjende under namna Permanenten Vestlandske Kunstindustrimuseum og Bergen kunstmuseum, og held til i fire bygningar som i april 2013 fekk namna KODE 1, KODE 2, KODE 3 og KODE 4, som alle ligg så å seie på line i Bergen sentrum. Dei tre komponistheimane som høyrer inn under KODE er Edvard Grieg Museum Troldhaugen, Siljustøl Museum (Harald Sæveruds heim) og Ole Bull Museum Lysøen (Ole Bulls sommarvilla). Edvard Grieg Museum Troldhaugen ligg på Hop sør for Bergen sentrum, Siljustøl ligg i Fana, attmed vegen mellom sentrum og flyplassen. Ole Bulls sommarvilla/Museet Lysøen ligg på øya Lysøen, Lysøya i Lysefjorden, i Os kommune sør for Bergen.

Administrasjonen for KODE har kontor i bygningen KODE 4, Lysverket, rett attmed Lille Lungegårdsvannet i sentrum av Bergen.

Museet synar fram kunst frå renessansen til og med notida i dei tre bygningane langs vestsida av Lille Lungegårdsvannet i sentrum av Bergen, og dessutan kunstindustrisamlingar og ein stor samling av gamal kinesisk kunst i bygningen vest for Byparken im sentrum av Bergen, tidlegare kalla Permanenten Vestlandske Kunstindustrimuseum. Dei fire bygningane har namna KODE 1, 2, 3 og 4. Frå januar 2007 vart desse museumseiningane mellom dei konsoliderte musea i stiftinga Kunstmuseene i Bergen.

I bygningen KODE 4, tidlegare kalla Lysverket, finst ein vidtfemnande basisutstilling, mellom anna den faste utstillinga av verk av Nikolai Astrup, og KunstLab, som er det fyrste og framleis einaste kunstmuseet i Noreg som er meint spesielt for born og ungdom. I andre og tredje etasje finst basisutstillingar og den heilt spesielle Tårnsalen, og i fjerde etasje biblioteket og dessutan administrasjonen til både Bergen Kunstmuseum og Kunstmuseene i Bergen. Bygningen KODE 3, tidlegare kalla Rasmus Meyers Samlinger, hyser eit utval av dei til saman 963 gjenstandane som høyrer til Rasmus Meyers Samlinger, som norske meisterverk frå perioden frå 1800-talet til 1915, mellom anna fleire av Edvard Munchs hovudverk, som Sjalusi, Kvinnen i tre stadier, Melankoli og Aften på Karl Johan, og dessutan verk av J.C. Dahl, Tidemand og Gude, Nikolai Astrup og Harriet Backer. Bygningen hyser dessutan bergensinteriør frå 1700-talet og eit vegg- og takdekorert rokokkorom, kalla Blumenthalrommet etter kunstmålaren Mathias Blumenthal (om lag 1719-1763), som utførte måleria i si tid i rommet som desse dekorasjonane er henta frå. Bygningen KODE 2, tidlegare kalla Stenersen, hyser dei temporære utstillingane til museet og ei eiga avdeling for samtidskunst, kalla Babel.

Bygningane[endre | endre wikiteksten]

Dei museumsbygningane som KODE rår over her i Bergen sentrum, er mykje ulike. Tre av dei, Rasmus Meyers Samlinger frå 1924, Stenersen frå 1978 og Permanenten Vestlandske kunstindustrimuseum, vart opphavleg bygd for å hyse samlingar og nyttast til utstillingar. Men den fjerde, Lysverket frå 1938, var i si tid eit administrasjonsbygg for Bergen Lysverker som er bygd om til museum. Bygningen Rasmus Meyers Samlinger vert berre nytta til utstilling av samlinga som arvingane etter forretningsmannen og kunstsamlaren Rasmus Meyer donerte i 1916, medan Stenersenbygget, som no hyser samtidskunstavdelinga og temporære utstillingar, vart bygd som fast utstillingshus for Stenersens samling.

Bygningen KODE 1, Permanenten Vestlandske kunstindustrimuseum, er eit museum som vart skipa i 1887 etter initiativ av Johan Bøgh, som vart direktør for museet fram til 1931. Musumsbygningen «Den permanente utstillingsbygning» som denne avdelinga av KODE held til i dag, teikna av arkitekt Henry Bertram Bucher (1864–1944) tok Vestlandske kunstindistrimuseum i bruk i 1896.

Bygningen KODE 2, Stenersen, er teikna av arkitekt Sverre Lied (fødd 1918). Han hadde lenge arbeida i eit funksjonalistisk formspråk, og hadde få år tidlegare teikna bygningen for det Historisk-filosofiske fakultet ved Universitetet i Bergen saman med arkitekt Peter Helland-Hansen. Eit vesentleg vilkåret for den gåva på 248 kunstverk frå finansmannen Rolf Stenersen til Bergen kommune var at verka vart gjort tilgjengeleg for publikum, og då kommunen ikkje hadde passande lokalitet, vart det skipa ei stifting for å få bygd ein ny museumsbygning. Ulike tomtealternativ vart diskutert, og det kommunale arealet rett nord for Bergens Kunstforening vart valt. Her låg den gamle stasjonsbygningen for den nedlagde jernbanestasjonen for Vossabanen, som no vart riven med unntak av eit lite tilbygg som framleis står, og Bergen Sparebank, Bergen Kommune, Norsk Kulturråd og fleire private gjevarar kosta bygginga av det nye kunstmuseet. Bygningen skulle i tillegg til Stenersens Samling gje plass til Bergen Billedgalleris samling, utstillingslokale og kontor.

Bygningen, KODE 3, Rasmus Meyers Samlinger, som er teikna av arkitekt Ole Landmark (1885-1970), stod ferdig i 1924. Etter at Rasmus Meyers arvingar hadde donerte sin fars kunstsamling til Bergen kommune i 1916, hadde det vorte kommunen si oppgåve å syte for tilfredsstillande hus for samlinga. I 2002 var store ombyggingsarbeid gjort ferdig, og bygningen er no tilpassa rørslehemma, har ny resepsjon, og fått mykje betre luft- og lystilhøve.

Bygningen KODE 4, Lysverket, vart bygd som kontorbygning med Fredrik Arnesen (1879-1963) og Arthur Darre Kaarbø (1881-1948) som arkitektar. Bystyret i Bergen gjorde vedtak i 1999 om at bygningen skulle inngå i Bergen kunstmuseum, og etter ein kort ombyggingsperiode frå januar til mai 2000 opna museet si fyrste utstilling her med verk frå museets samlingar. Bygningen vart stengd att hausten 2001 for ombygging, og kunne takast i bruk som fullverdig museumsbygg i mai 2003. Ole Hilmar Iversen i Bergen Kommunale Bygg (BKB) var arkitekt for ombygginga.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]