KPV

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

KPV (Krupnokalibernyj Pulemjot Vladimirova, russisk skrift Крупнокалиберный пулемёт Владимирова КПВ) er eit tungt maskingevær i kaliberet 14,5 mm. Det vart utvikla i Sovjetunionen på byrjinga av 1940-talet og var standardvæpning i Sovjetunionen fram til slutten av 1980-talet. Våpenet er framleis vanleg i den russiske hæren.

Under andre verdskrigen vart KPV brukt som luft- og pansernedkjempingsvåpen av det sovjetiske infanteriet.[1] Seinare er det brukt i fleire variantar:

KPV som firling mot luftmål
  • PKP: Maskingevær på lavett med hjul for infanteriet.
  • KPV: i luftvernrolla.
  • KPVT: Primært tårnskyts i ulike pansra køyretøy som BRDM-2 og BTR-serien unnateke BTR-90
Ein KPVT montert i tårnet på ein BRDM-2.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «KPVT large-calibre tank machine-gun». Henta 26. november 2014.