KRIK

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kristen idrettskontakt, KRIK, er ein kristen ungdomsorganisasjon som har som mål å knyta band mellom idretten og kyrkja. KRIK vart starta etter initiativ frå presten Kjell Markset i 1981.

Mottoet til organisasjonen er: "KRIK ønsker å bevare, inspirere og vinne idrettsfolk til kristent liv både i idrettslag og menighet."

Idrettspersonlegdommar som Rune Bratseth, Ole Kristian Furuseth, Kristen Skjeldal, Anders Rambekk, Marie Knutsen, Gro Marit Istad Kristiansen, Marius Johnsen og Andreas Håtveit er profilerte idrettsfolk som har framstått som ambassadørar for KRIK. Tidlegare miljøvernminister Knut Arild Hareide er med i styret i KRIK.

Ved 25-årsjubileet hausten 2006 hadde organisasjonen nær 11 000 medlemmer i Noreg. Systerorganisasjonen CHRISC (Christian Sports Contact) hadde rundt 18 000 medlemmer i Aust-Afrika.

I 2002 mottok KRIK Brobyggerprisen og i 2005 Petter Dass-prisen for arbeidet sitt.

Organisasjon[endre | endre wikiteksten]

KRIK består av fleire organisasjonsledd. Kontakt med medlemene føregår i stor grad gjennom dei over 350 lokallaga spreidde rundt om i landet, der medlemene møtest og har trening på regelmessig basis. Deretter kjem kretsstyra, distriktskoordinatorane som styrer med oppsett av buss til leirane og kontakt med lokallaga. Administrasjonen styrer med den daglege drifta av organisasjonen, landsstyret forvaltar midla til KRIK og set opp langtidsplaaer. Øvst er generalforsamlinga som møtest ein gong annakvart år.

Hovudkontoret til Krik i Oslo er på Ullevaal Stadion.

Arrangement[endre | endre wikiteksten]

KRIK arrangerer fleire leirar og arrangement; dei fem største regelmessige leirane er Explore, Action, ActionNord, KonfAction og Arena.

Explore er ein nyttårsleir som vert arrangert i Håkons HallLillehammer. Deltakarane kan vera med på mange forskjellige aktivitetar i løpet av leiren, mellom anna alpint, snøbrett, jibbing, skeleton, bob, winter adventure, fotball og volleyball.

Dei andre 4 er sommerleirar. Action og ActionNord er for ungdommer mellom 14 og 17 år. Action finn stad i Bø i Telemark. ActionNord vart arrangert fyrste gong sommaren 2008, og vert arrangert i Geitvågen utanfor Bodø. KonfAction blir også arrangert i Bø, men er for konfirmantgrupper. Arena har ungdommar frå 16 og oppover som målgruppe, og vert arrangert på Dvergsnestangen ved Kristiansand. På føremiddagen på leirane er det aktiviteter, medan resten av dagen er fritid.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]