KUN

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

KUN er eit norsk kompetansesenter for kjønnslikestillingsspørsmål. Senteret har tilhald i Steigen i Nordland og avdelingskontor i Steinkjer i Trøndelag. Det vart skipa i 1991 som stiftinga Kvinneuniversitetet Nord, men nyttar no berre namnet KUN, som altså er eit akronym, ei avstytting, av det eigenlege namnet.

Vedtektene for stiftinga og oppdragsbrev frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) legg rammene for verksemda. Mellom anna tek kompetansesenteret for seg integreringsarbeidet og det kjønnsdelte arbeidslivet i Noreg, og ser det som ein føremon å ha kontor i Steigen og Steinkjer, då dette gjev grunnlag for kunnskap om både styrken og utfordringane i distrikta. Men senteret skal vere ein synleg og profilert aktør for å få fremja likestilling både regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Arbeidet går ut på byggje bru mellom forsking og praksis, og skal gjelde likestilling og inkludering generelt, ikkje berre med omsyn til kvinner. Analyser, statistikk og interaktive metodar vert nytta for å gjere synleg slik diskriminering som har grunnlag i seksuell orientering, alder, nedsett funksjonsevne, etnisitet og religion. Målsettinga er at alle samfunn skal gje alle like rettar og moglegheiter på alle samfunnsområde, som i politikken, i familielivet, i arbeidslivet og på fritida. Rettferd og likeverd skal vere kjerneverdiane.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]