KVS Bygland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

KVS-Bygland, tidlegare Bygland skogskule, er ein kristen privat vidaregåande internatskule i Bygland i Setesdal, som i dag er eigd av Indremisjonsforbundet.

Skulen starta opp i 1916 og har opp gjennom åra vore husmorsskule, landbruksskule og skogskule eigd av staten. Skogskulen var ein av fleire fylkeskommunale skogskular som berre utdanna skogsarbeidarar. Stadig søkkjande tilgang på elevar gjorde at skogskulen i år 2000 til slutt måtte leggje ned, og skulelokala stod utan aktivitet eit par år før Indremisjonen i 2002 tok over. Indremisjonen fekk overta eigedommane mot å sørgje for vidare skuledrift på Bygland. I starten blei skulen driven under KVS-Lyngdal, men står nå på eigne bein.

Det fyrste året hadde skulen 28 elevar. Elevtalet har stige for kvart år sidan då, og i 2010 hadde skulen 79 elevar og ein stab på 21 tilsette. Skulen er ein kristen vidaregåande skule. Lærarar må vedkjenne seg kristen tru og ta del i det sosialpedagogiske arbeidet på skulen. Skuledagane startar med ein kort andakt og ein inviterer til frivillige kristne møte på tysdagskveldane. Skulen har òg eit strengt reglement i høve til bruk av rusmiddel og ynskjer å påverke til ein positiv arbeidsmoral, i tillegg til å formidle den kristne trua.

Linjer på skulen[endre | endre wikiteksten]

  • Vg1 Bygg- og anleggsteknikk
  • Vg1 Naturbruk hest/jakt og fiske
  • Vg2 Byggteknikk (tilbyr kurs i lafting)
  • Vg2 Skogbruk
  • Vg2 Heste- og hovslagarfag

Skulen ligg nær naturen på Bygland, i hjartet av Setesdalen. Bygland ligg 10 mil nord for Kristiansand, 12 mil sør for Hovden og 12 mil nord-vest for Arendal. Rundt Bygland er det natur som ligg nært til både fjord, skog og høgfjellet. Det er gode forhold for aktivitetar med hest, jakt, fiske og turar i skog og mark sidan skulen disponerer om lag 42 000 mål med skog.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]