KV «Ålesund»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
KV Ålesund i Bergen
Foto: Alasdair McLellan
Stemning frå Moldefjorden

KV «Ålesund» var eit skip i flåten til Sjøforsvaret. Kystvaktfartøyet KV «Ålesund» vart bygd i 1996 av Myklebust Mekaniske Verksted, same verft som bygde KV «Tromsø», og vart sett inn i operativ teneste året etter.

Fartøyet vart som det første sivile fartøyet spesialbygd til kystvaktteneste med langtidsutleige til det norske Sjøforsvaret.

KV «Ålesund» (W-312) opererte i den ytre kystvakta (YKV), og hadde som ansvarsområde Norsk Økonomisk Sone sør for 65 grader nord. Fartøyet var lagt inn under Kystvaktskvadron Sør, og hadde hovudbase på Haakonsvern Orlogstasjon utanfor Bergen.

Skipet er bygd for å kunne handtere oppgåver som søk og redning, mindre og mellomstore slepeoppdrag, ORO og fiskerioppsyn. I tillegg deltok fartøyet på fleire øvingar saman med resten av Kysteskadren og forsvarte norske interesser i Nordsjøen.

Fartøyet var chartra frå reiarlaget Remøy Shipping i Fosnavåg i Herøy kommuneSunnmøre[1] på eit 15-års charter med Sjøforsvaret.

Fakta[endre | endre wikiteksten]

  • Byggeår: 1996
  • Lengd: 63,00m
  • Breidde: 11,50m
  • Verft: Myklebust Mekaniske Verksted
  • Hovudmaskineri: Wärtsilä Wichmann 8V28B, 3600 hk.
  • Maksimal fart: 16 knop
  • Patruljefart: 12 knop
  • Slepekapasitet: 34,5 tonn
  • Mannskap (militært): 22 (sju offiserar, 12 meinige, tre sivile)
  • Dekksutstyr: Framo Transrec 250 (oilskimmer), oljelense, slepevinsj, ABAS dekkskran, to lettbåtar (ein SeaRider, og ein Sjøbjørn), Bofors 40mm kanon.[2]
  • Artilleri: 40mm L/70 Bofors kanon og 12,7mm mitraljøser
  • Identifikasjon: W312 (militært kallesignal) og LHXC (sivilt kallesignal).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kystvakta nøgd med Herøy-reiarane» - Sunnmørsposten - smp.no 30. desember 2013
  2. http://www.mil.no/sjo/kv/start/fartoyene/aalesund/Forsvarsnett Arkivert 2008-01-15 ved Wayback Machine.