KV «Andenes»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

KV «Andenes» er eit norsk kystvaktskip av Nordkapp-klassen. Det høyrer til i Ytre Kystvakt Nord. «Andenes» gjorde teneste i Persiabukta under Golfkrigen frå september 1990. Fartøyet tok del i blokkadeoperasjonar mot Irak. Ho skulle ikkje ta del i, og tok heller ikkje del i, kamphandlingar. Deltakinga skapte likevel mykje politisk debatt i Noreg. KV «Andenes» har òg hatt to tokt til Antarktis