KV «Harstad»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
KV «Harstad»
KVHarstad.JPG
KV «Harstad» på besøk i Harstad
Karriere i Noreg
Verft: Søviknes verft
Generelle eigenskapar
Deplasement: 3 121 tonn (long ton) tonn
Lengd: 83 m m
Djupgang: 6 m m
Mannskap: 22

KV «Harstad» er eitt av skipa i den norske Kystvakta og det første i ein ny serie kystvaktskip. Desse er spesialdesigna for kystvakt- og bereiskapsoppgåver der ein har bygd på dei erfaringane ein har frå tidlegare, og då spesielt med KV «Ålesund», KV «Tromsø» og KV «Normand Trym». Skipet er utrusta for fiskerikontroll, tyngre slep og oljevern. I tillegg har ein bygd inn særskilde moglegheiter for redning av undervassbåtar.

Fartøyet er eit Rolls Royce/Ulstein Technology-design og vart bygd på Søviknes Verft i HaramSunnmøre.

KV «Harstad» vart kontrahert av reiarlaget Remøy Shipping og leigd til Kystvakta på 10-årskontrakt. Det var leiaren for Forsvarskomitéen på Stortinget, Marit Nybakk, som var gudmor for fartøyet ved dåpen 28. januar 2005.

4. februar 2005 tok Landsdelskommando Nord-Noreg over KV «Harstad» for å setje det inn i aktiv teneste i Nord-Noreg. Skipet tok over KV «Normand Trym» sin posisjon i den statlege slepebåtbereiskapen og har base på Sortland.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]