KV Eigun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

KV «Eigun» var mellom 2001 og 2008 eit skip i flåten til Kystvakta. Kystvaktfartøyet KV «Eigun» vart bygd i 1959, i Rotterdam, som kvalbåten "Thomas W Vinke". Fartøyet vart seinare selt til Thor Dahl gruppen i Sandefjord, og fekk namnet "Thordr". Båten deltok ifølgje Hvalfangstmuseet, på siste ekspedisjon til Sørishavet med både Thor Dahl, og seinare Kosmos (1958-1959). I 2001 gjekk skipet inn i Kystvakt og fekk namnet "Eigun".

KV «Eigun» (W-310) opererte i den ytre kystvakta (YKV), og hadde som ansvarsområde Norsk økonomisk sone sør for 65 gradar nord. Fartøyet var lagt inn under Kystvaktskvadron Sør, og hadde si hovudbase på Haakonsvern Orlogstasjon utanfor Bergen.

Skipet var utrusta for å kunne handtere oppgåver som søk og redning, mindre og mellomstore slepeoppdrag, ORO og fiskerioppsyn. I tillegg deltok fartøyet på fleire øvingar saman med resten av Kysteskadren.