Kaçkarfjella

Koordinatar: 40°50′N 41°9′E / 40.833°N 41.150°E / 40.833; 41.150
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kaçkarlar)
Den høgaste toppen Kaçkar Dağı frå Mezovit Çayiri

Kaçkarfjella (tyrkisk Kaçkar Dağları) eller berre Kaçkarlar er ei fjellkjede som stig opp frå svartehavskysten aust i Tyrkia.

Det høgaste fjellet i kjeda er Kaçkar Dağı med ei høgd på 3937 meter over havet, og fjellplatåa i kjeda ligg kring 3000 meter over havet. Fjellkjeda er den høgaste delen av Dei pontiske fjella. Kaçkarlar er dekt av isbrear og har ein alpin karakter med bratte fjellsider og mange fjellvatn. Området vart gjort til nasjonalpark i 1994. I parken vert det drive fjellturar, camping, fjellklatring og i stadig aukande grad heliskiing.[1][2]

Geografi og etymologi[endre | endre wikiteksten]

Libler Gölü sett frå Kırmızı Gedik.

Namnet Kaçkar (frå armensk khachkar (Խաչքար)[3] tyder steinkross[4]) og kan vise til fleire ting. Det kan syne til heile fjellkjeda, inkludert dei mange fjellgruppene, eller det kan syne til Kaçkar-Kavron-gruppa med det høgaste fjellet, eller kanskje berre sjølve fjelltopen. Det lokale namnet på det høgaste fjellet er Kaçkar Dağı og tyder Kaçkarfjellet, og namnet på fjellkjeda Kaçkar Dağları tyder Kaçkarfjella.

I sør og aust grensar Kaçkarfjella til Çoruhdalen og i nord til kysten av Svartehavet.

Fjellgrupper[endre | endre wikiteksten]

Satellittbilete av Kaçkar
  • Altıparmakgruppa
  • Kavron (eller Kaçkar-Kavron)
  • Verçenikgruppa

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Mt. Kackar to be monitored». Turkish Daily News. (National ed.) (på engelsk) (Ankara: ProQuest LLC). 31 October 2007. s. 1. Henta 8. august 2012. 
  2. Hadik, Jancsi (1 November 2005). «First Tracks». Skiing (Winter Park, Florida: Bonnier Corporation) 58 (3): 28. ISSN 0037-6264. Henta 8. august 2012. 
  3. Marc Dubin; Enver Lucas (1989). Trekking in Turkey. Lonely Planet. s. 125. ISBN 0-86442-037-4. 
  4. Robert H. Hewsen. Armenia: A Historical Atlas. — University of Chicago Press, 2001. — 341 s. — ISBN 0-226-33228-4, ISBN 978-0-226-33228-4. P.212. "River between the port of Atina (now Pazar) on the coast and the great inland peak called Kajkar (Arm. Khach'k'ar) Dagh 'Cross-stone Mountain'"

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

40°50′N 41°9′E / 40.833°N 41.150°E / 40.833; 41.150