Kabardinsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kabardinsk
Къэбэрдеибзэ, Qabardjajəbza
Klassifisering Kaukasisk
 Nordkaukasisk
  Nordvestkaukasisk
   Tsjerkessisk
Bruk
Tala i Adygia
Kabardinsktalande i alt 1 632 500[1]
Språkkodar
ISO 639-2 kbd
ISO 639-3 kbd
Video av Yinal, som snakkar adygisk og kabardinsk.

Kabardinsk, tidvis også kalla austtsjerkessiskk og austcircassisk, er eit nordvestkaukasisk språk som hovudsakleg blir tala i regionen Kabardino-Balkaria. Her bru rundt 520 000 av dei totalt 1 632 500 talarane.[1] Dei fleste talarane utanfor Kabardinia-Balkaria bur i Tyrkia.[2]

Det finst fleire ulike variantar av språket, der dei to største er kabardinsk og beslenejsk. Det har berre to fonetiske vokalar, men kring 46 konsonantar,[3] der kring 23 er frikativar.[2]

Kabardinsk er nært i slekt med adygisk, som også blir kalla vesttsjerkessisk. Sjølv om dei skil seg leksikalt, morfologisk og syntaktisk, er dei gjensidig forståelege.

Ein har skrive språket har med fleire ulike skriftsystem. I 1825 blei det utvikla ein variant av det arabiske alfabetet, og i 1829 kom eit skriftsystem basert på det kyrilliske alfabetet. På 1800-talet kom også dei første bøkene ut på kabardinsk. Etter den russiske revolusjonen blei det brukt både eit arabisk og eit kyrilliskbasert alfabet. I 1923 blei det også innført ei skrift som bygde på det latinske alfabetet, men dette blei erstatta av kyrilliske bokstavar i 1936. Dei adygiske og kabardinske skriftsystema er svært ulike, noko som har minka den gjensidige forståinga.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Lewis, M. Paul, red. (2009). «Ethnologue report for language code: kbd». Ethnologue: Languages of the World (på engelsk). SIL International. Henta 4. mai 2011. 
  2. 2,0 2,1 Lando, Steve: Europas tungomål, Nomen förlag, Visby 2010, s. 640. ISBN 978-91-7465-075-4. 
  3. 3,0 3,1 Vamling, Karina. «Tjerkesserna – splittring och återförening» (PDF). Språk- och litteraturcentrum. Lunds universitet. Arkivert frå originalen (PDF) 11 mars 2012. Henta 4. mai 2011.  Arkivert 2012-03-11 ved Wayback Machine.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikipediakabardinsk