Kabelbanene i Lisboa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ascensor do Lavra
Ascensor da Glória
Ascensor da Bica

Kabelbanene i Lisboa (portugisisk: Ascensores de Lisboa) er tre kabelbaner i hovudstaden Lisboa i Portugal som gjev samband mellom dei lågare og høgare delene av dei gamle bydelane. Alle tre banene går i gater, og har difor ståltaua som dreg vognene liggjande i kanalar under gatedekket, slik at festet mellom vognene og ståltaua gjeng gjennom ei langsgåande spalte i gatedekket. Slik sett kan desse vognene likne på kabelsporvogner. Men banene har som alle andre kabelbaner ei vogn i kvar ende av eit ståltau som går ikring eit stort hjul drive av eit maskineri på toppen av banen, så den eine vogna går opp medan den andre går ned. Likevel er desse kabelbanene ulike mange andre kabelbaner ved at kvar av vognene har ein eigen elektromotor som drivverk, som førarane på dei to vognene som høyrer saman kan gjere seg nytta av. Når det skjer, vert elektromotorane i dei to vognene kopla i serie over dei to luftleidningane som kvar av vognene hentar straum frå, slik at dei samkøyrast.

Opphavleg var banene drive med vassballast. Vognene hadde vasstankar, og ved å fylle vatn på tanken til vogna på toppen, vart ho tung nok på vegen nedover til å dra oppover den vogna som stod nede.

Dei tre kabelbanene er:

  • Ascensor do Lavra, som vart opna i 1884 og har ei lengd på 182 meter, ei høgdeskilnad på 43 meter, og ei største stigning på 25,0 %.
  • Ascensor da Glória, som vart opna i 1885 og har ei lengd på 265 meter, ei høgdeskilnad på 48 meter, og ei største stigning på 18,0 %.
  • Ascensor da Bica, som vart opna 1892 og har ei lengd på 260 meter, ei høgdeskilnad på 45 meter, og ei største stigning på 19,1 %.

Banene er rekna som nasjonale teknisk-historiske minnesmerke.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kabelbanene i Lisboa