Kabelias

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kabelias
by
Fakhreddin II-borga
Land  Libanon
Guvernement Beqaa guvernement
Distrikt Zahle distrikt
Koordinatar 33°47′36″ N 35°49′22″ E
Areal 32 km²
Folketal 50 000 (2011)
Kart
Kabelias
33°47′36″ N 35°49′22″ E
Wikimedia Commons: Kabelias

Kabelias (arabisk قب الياس Qab Ilyās, òg skrive Kab Elias, Qab Elias, Qob Elias og Qoub Elias) (Wadi Ed Delm er ein kommune i Zahle distrikt i Libanon. Kabelias ligg 15 km frå Zahleh og 45 km frå hovudstaden Beirut. Han ligg 950 meter over havet og har eit areal på kring 32 km². Dei fleste innbyggjarane er sunnimuslimar.[1]

Haidara-ruinane
Kommuneparken

Kabelias er den tredje største byen i Beqaadalen, etter Zahleh og Baalbeck.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Kabelias hadde opphavleg eit fønikisk namn, men dette vart seinare kalla Kaber Elias (Grava til Elias). Dette kom av at ein trudde at profeten Elias var gravlagde der. Seinare vart namnet forkorta til Kabelias.

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Det er estimert at det bur kring 55 000 innbyggjarar i Kabelias spreidd i bydelane Kabelias Fawka, Kabelias Tahta, Wadi El Delm, garden Bmahray og Bahsasa.

Turistmål[endre | endre wikiteksten]

Ein trur at borgruinane til drusarar-prinsen Fakhreddin II var den største borga i Beqaadalen og han valde denne staden på grunn av høgda og det gode forsvaret mot osmanarane. Borga vart etter kvart øydelagd av osmanarane, men ruinane ligg her enno.

Haidara-ruinane er datert attende til Romarriket. I følgje ei lokal segn var det ein gong ein spegel på sida av bygningen, som brukte å reflektere sollys ned i landsbyen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 4. mars 2016, henta 10. juli 2014