Kabelkran

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ei Larix H3-650 kabelkran i arbeid.

Kabelkran er eit transportmiddel i form av eit taubanesystem som vert nytta for å henta ut tømmeri i ulendt terreng. Omlag ein fjerdel av skogsterrenget i Noreg er så bratt at det er vanskeleg å driva fram tømmeret[1]. Kabelkraner er skånsame mot terrenget[2] og høver òg for å henta ut virke der skogbotnen har dårleg bereevne, som til dømes på myr, eller når terrenget er utsett for erosjon. Kabelkraner nytta innan skogbruk er mobile, og er som oftast bygd på ein traktor eller eit spesalbygd chassis med eigen motor. Ei kabelkran har éin eller fleire berekablar, der ei vogn (løpekatt) som ber lasset vert trekt fram og attende ved hjelp av trekk- og returliner, drivne av ein vinsj. Dei er som oftesy fjernstyrde via radio.

Gravitasjonsdrive kabelkranar[endre | endre wikiteksten]

Pendelbane[endre | endre wikiteksten]

Ein pendel har to bærekablar, men kvar si løpekatt, festa til kvarandre med ei trekkline. Tømmeret vert lunna saman ved toppen av banen, og eit høveleg lass vert festa til den eine løpekatta. Når lasset vert trekt nedover av tyngdekrafta vert ei tom løpekatt trekt oppover den andre bærekabelen. Ein pendelbane treng difor ikkje ekstern drivkjelde, men det er naudsynt med ei bremseanordning for å stogga lasta i nedre enden av banen. På tidlege banar var dette ofte ein liten tømmerstokk, opplagra som ei vektstong, som vart pressa mot eit hjul.

Tidlege kabelkraner i skogbruker var ofte pendelbanar. I Noreg bygde Carl Christian Lange ein 1100 m lang pendelbane for S.D. Cappelen i Kviteseid tidleg på 1950-talet[1]. Denne banen hadde ein høgdeforskjel på 400 m og frakta tømmer ned ei bratt li til øya Spjotodd i elva Straumane som renn mellom Kviteseidvatnet og Bandak.

Rundbane[endre | endre wikiteksten]

Rundbanen var ei naturleg vidareutvikling av pendelbanen. Slike banar har ein edelaus bærekabel, som går rundt store trinsee i øvre og nedre ende av banen, slik at løpekattene går rundt i ei endelaus sløyfe. Det var slik muleg å plassera fleire løpekatter etter kvarandre, og slik auka kapasiteten på banen. På same vis som pendelbanen utnyttar òg rundbanen den potensielle energien til lasta for å driva banen. Men i motsetning til ein pendelbane kan ein rundbane med fleire løpekatter løfta lasta over ei hindring i terrenget som ligg høgare enn utgangspunktet, under føresetnad om at det er fleire løpekatter med lass på tur nedover enn som vert dregne oppover. Korkje pendel- eller rundbanar vert i dag nytta i industrialiserte lane, og er berre av historisk interesse. Men på 1950-talet, før det vart bøgd skogsvegar, spela dei ein viktig rolle norsk skogbruk ved at det vart muleg å ta ut tømmer i utilgjengeleg terreng.

Vinsjdrivne kabelkranar[endre | endre wikiteksten]

Dei fyrste vinsjdrivne kabelbanane vart nytta på vestkysten av Nord-Amerika og var dampdrive.Men etter kvart vart dampmaskinane bytta ut med motorar med innvendig forbrenning. Etter at det vart vanleg med skogsvegar kom det traktormonterte kabelkranar.

Toppmontert eintromla vinsj[endre | endre wikiteksten]

Traktormontert kabelkran plassert på toppen av banen. Krana er stabilisert med barduner til terrenget.

Tidlege vinsjdrivne kabelkranar hadde ofte vinsjen plasser på toppen av banen. Før det vart vanleg med skogsvegar laut ein under montering av banen dra ut ei line frå vinsjen, som vart festa til ein stubbe eller eit tre. Vinsjen kunne då trekkjast oppover lia med sin eigen motor. Som oftast skjedde dette i fleire etappar til ein kom opp til toppen. Deretter laut ein trekkja ut ei line frå vinsjen nedover lia, for så å nytta vinsjen til å dra bærekabelen til toppen. Bærekabelen vart så festa til bukkar i begge endar og visjen, eller eit handspel, var nytta for å stramma bærekabelen. Å manuelt trekkja ut trekklinja frå vinsjen i bratt og ulendt terreng var hardt arbeid, men etter at det vart vanleg med skogsvegar og traktormonterte vinsjar kunne ein ofte køyra traktoren til toppen av lia og dra trekklinja i nedoverbakke.

Med denne typen kabelkran vart det muleg å henta opp tømmer frå juv og djupe dalar der ein ellers ikkje kom til med hest eller traktor. Under arbeid vart trekklinja dregen ut til sida for løpekatta og stroppa til tømmeret med kjetting. Når trekklinja vart trekt inn av vinsjen vart tømmeret først trekt inn mot bærekabelen, for så å verta løfta fri frå bakken og drege opp til vinsjen.

Fleirtromla vinsj[endre | endre wikiteksten]

Traktormontert kabelkran med fleirtromla vinsj (Larix 3T).
Bærekabel opphengt i to bardunerte tre på midten for å auka lengda på banen.

Etter kvart kom det totromla vinsjar på marknaden, og det vart muleg å nytta vinsjen til å dra løpekatta i begge retningar, ved å lata trekk- og returlinjene gå over blokker i endane av banen. Ved å henga opp bærekabelen i bukkar kan slike banar nyttast over lange avstandar, og kan transportera tømmer både i oppover- og nedoverbakke, til dømes over åskammar. Mange kabelkraner har ein eigen hjelpetrommel, som vert nytta under montering. Fleirtromla vinsjar gjer det muleg å plassera traktor og vinsj på ein skogsveg, og så føra trekk- og returkablane over blokker festa i tre.

I Nord-Amerika vart det ofte nytta store kabelkraner, men desse høvde dårleg i Noreg. Fleire norske produsentar utvikla og produserte difor mindre kabelkraner. Hordaland mekaniske verksted var tidleg ute med Vossavinsjen, som vart nytta i samband med kabelkraner. Seinare utvika Igeland i Grimstad og Nestestog i Vinje kabelkraner for traktor. Nestestog produserte verdas fyrste radiostyrte kabelkran[1].

Soge[endre | endre wikiteksten]

Dei fyrste taugbanane vart bygde i Aust-Asia for rundt 5000 år sidan, og vart nytta til å frakta varer over tronge slukt.[1]. I mellomalderen var slike banar tekne i bruk i Europa og Japan[1]. I Noreg vart det bygd løypestrengar i siste halbdel av 1800-talet. Den eldste norske løypestrengen ein kjenner til vart bygdt på garden Fykesund i Hardanger i 1865[1]. Det vart ofte nytta ein 7 mm tjukk ståltråd, som var stramma opp med eit spel (ein manuell vinsj). På grunn av det bratte terrenget høvde løypestengen godt i Noreg, og i 1875 vart ein løypestreneg nytta for å frakta tømmer i Lyseklosterskogen. I 1951 nytta Oskar Svenden ein flyttbar løypestreng for å frakta tømmer for Løveskjold Fossum i Valebø[1]. I denne banen vart det nytta 8 mm ståltau.

I tida etter 2. verdskrig var kabelkraner viktig for norsk skogbruk, men etter at det vart bygd skogsvegar avtok bruken. Men i særleg ulent terreng er dei enda i bruk.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 Samset, I., Fra muskler til maskiner i skogen, Norsk skogmuseum, 2008.
  2. Horek, P. og Mauer, P., Forest cableways in shelterwood system, Proc. Workshop on New Trends in Wood Harwesting with Cable Systems for Sustainable Forest Management in the Mountains, Ossiach, Australia, juni 2001.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kabelkran