Kabelsporvogn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Motorane som driv ståltaua som dreg kabelsporvognene gjennom gatene i San Francisco i USA
Ei kabelsporvogn i California Street i finansbydelen i San Francisco i USA

Kabelsporvogn («kabeltrikk») er eit sporvognsystem for kollektivtransport som fungerer som vanlege sporvogner (trikkar), men skil seg frå dei ved at dei einskilde sporvognene ikkje har eigne motorar, men vert drege fram av eit ståltau, ein kabel, som ligg i ei langsgåande spalte (kanal) i gata midt mellom skjenene. Ståltauet vert halde i konstant fart av eit maskineri som står fast montert i eit maskinhus, og dei einskilde sporvognene på lina stoggar og startar ved å løyse seg frå eller hekte seg på ståltauet ved hjelp av ei gripeklo. Ståltauet går i ei endelaus sløyfe mellom endene på lina og det stasjonære maskineriet. Gripekloa som festar eller løyser vogna frå ståltauet, vart opphavleg manøvrert med handemakt av vognføraren, som òg skulle ta seg av dei mekaniske bremsene på vogna. Manøvreringa av gripekloa var tungt, og kravde dessutan ei viss varsemd for at vogna kunne starte utan for mykje rykk og napp og slitasje på tauet. Der kabelsporvegar var i brukt i seinare tider, vart dette gjort med automatiske mekanismar.

Soga[endre | endre wikiteksten]

Kabelsporvogn i Paris i Frankrike omlag år 1900. Bana gjekk mellom place de la République og kyrkja Saint-Jean-Baptiste de Belleville, og var i bruk frå 1891 til 1924.
Skisse som syner kabelsporvogna i Paris, med tilkoplinga til kabelen midt under vogna

Sporvegar for kabeldrift vart planlage og bygde i fleire byar i både USA, Europa og andre stader i verda i sporvegane sin spede barndom på slutten av 1800- talet og framover. Dette vart rekna som eit framsteg i høve til å dra sporvognene med hestar. Den fyrste kabelsporvegen skal ha vore bygd i New York i USA, opna i 1868, men nedlagd allereie i 1870 etter store tekniske problem, og erstatta med damplokomotivdrivne vogner. I San Francisco i USA vart det opna ei line i 1873 med ein teknikk som synte seg å fungere godt, og dette vart byrjinga til det vidgjetne kabelsporvognsystemet som byen framleis har i ei modernisert utgåve. Men dei fleste stadene kringom i verda vart systemet oppgjeve etter relativt stutt tid, og erstatta av sporvogner med eigne elektriske motorar som fekk energien frå eit leidningsnett hengt opp over gatene, slik systemet er den dag i dag. Etter at kabelsporvegen i DunedinNew Zealand vart stengd i 1957, opna i 1881, er kabelsporvegane i San Francisco dei einaste att i verda. Her er det tre liner, Powell-Hyde, Powell-Mason og California, som vert drivne av fire ståltau frå maskinhus kalla Powell, Hyde, Mason og California.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kabelsporvognsmuseet i San Francisco