Kabotasje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kabotasje, som opphavleg var eit fransk ord nytta for innanriks skipsfart langsetter kysten, er no vorte ei sams nemning for transport av personar og gods med alle slags transportmiddel i eit anna land enn det landet som transportmiddelet høyrer heime i. Til dømes vert det kalla kabotasje når ein lastebil som høyrer heime i Nederland lastar opp gods i Oslo for å køyre det til Trondheim etter fyrst å ha frakta ei last til Oslo frå utlandet.

Kabotasje er lovleg innanfor Den europeiske unionen (EU). Dette er ein viktig lekk i den offisielle transportpolitikken, i samsvar med det overordna målet om fri rørsle av varer, tenester og kapital mellom medlemslanda. I medhald av EØS-avtaleverket er desse kabotasjereglane gjeldande i Noreg òg. Sameleis som transportørar frå Den europeiske unionen kan drive kabotasje i Noreg, kan difor norske transportørar drive kabotasje i Den europeiske unionen. Det er likevel fastsett reglar i dei einskilde landa som i ei viss mon avgrensar kor mange kabotasjeturar som kan gjerast etter eit avslutta fraktoppdrag frå utlandet inn i landet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]