Kader

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein kader (frå fransk cadre, av latin quadrus, «firkanta») er ein person med ei høg stilling i ein organisasjon. Kadrar vert vanlegvis sett på som stammen eller ryggrada i denne organisasjonen, utøver leiarskap og har undervisningsoppgåver. Ofte vert ordet forbunde med revolusjonære eller kommunistiske organisasjonar. Land som i dag har kader som offisiell tittel er Kina, Taiwan, Vietnam og Japan.

Ordet «kader» vert også brukt om grunnstammen av fast befal (delvis også verva mannskap) som er disponerte ved mobiliseringseiningar og som militære avdelingar vert bygde opp omkring.

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.