Kadettpartiet
| Kadettpartiet | |||
| | |||
| Land | Det russiske imperiet | ||
|---|---|---|---|
| Partileiar(ar) | Pavel Miljukov | ||
| Grunnleggjarar | Pavel Miljukov | ||
| Grunnlagt | 18. oktober 1905 (Julian) | ||
| Nedlagt | 28. november 1917 (Julian) | ||
| Hovudkvarter | St. Petersburg | ||
| Ideologi | sosialliberalisme, russisk nasjonalisme, Konstitusjonalisme, pluralisme, Russian imperialism | ||
| Politisk posisjon | sentrisme, sentrum-høgre | ||

Kadettpartiet (av K.D., for Det konstitusjonelt-demokratiske partiet) var eit politisk parti i Russland som vart grunnlagt av liberalarar i oktober 1905 under leiing av historikaren Pavel Miljukov. Partiet tok til orde for avskaffing av eineveldet og at det skulle innførast eit konstitusjonelt monarki. Kadettpartiet spela ei framtredande rolle i avspenninga som følgde 1905-revolusjonen og var den største grupperinga i Dumaen etter vala i 1906 og 1907. Dei vart inviterte til å vere med i regjeringa av statsminister Sergej Witte, men dei radikale krava deira gjorde dette umogleg. Det hatske angrepet frå Miljukov mot statsminister Boris Stürmer i Dumaen i november 1916, bidrog til at sistnemnde fall, og dette styrkte dei revolusjonære straumingane i landet. Etter februarrevolusjonen i 1917 var partiet hovudaktøren i den provisoriske regjeringa. Miljukov hadde posten som utanriksminister, og partivenen hans Georgij Lvov vart utnemnd til statsminister. Etter juliuroa i 1917 vart Lvov tvinga til å gå av, og det skjedde ei maktforskyving til fordel for Aleksandr Kerenskij som stod for dei mest radikale kreftene i regjeringa. I desember 1917, etter at bolsjevikane hadde teke makta i oktoberrevolusjonen, vart partiet forbode, og det verka deretter i eksil frå Paris.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen var opphavleg basert på «Kadettpartiet» på Wikipedia på svensk, innhenta 20. november 2009.