Kadima

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kadima

LandIsrael
Partileiar(ar)ukjend
Grunnlagt24. november 2005
Nedlagt2015
HovudkvarterPetah Tikva
Medlemstal96 000 (2012)
Politisk posisjonsentrisme

Kadima (hebraisk קדימה, Qādīmāh, norsk 'Framover') er eit tidlegare politisk parti i Israel. Det vart grunnlagd av Ariel Sharon den 21. november 2005. Etter at Sharon vart sjuk i januar 2006, tok Ehud Olmert over leiinga av partiet. Partiet var i regjering frå 2006 til 2009, men mista deretter mykje makt og gjekk gjennom splittingar. Det blei seinare oppløyst, og stilte ikkje til val i 2015.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Kadima er eit nasjonalistisk og liberalt sentrumsparti, noko til venstre i høve til Sharon sitt gamle parti, høgrealliansen Likud. Partiet stør i hovudsak opp om vegkartet for fred i Midtausten, og arbeider for prinsippet «land for fred». Partiet vil likevel ikkje at Israel skal trekkja seg ut frå heile Vestbreidda av Jordanelva, og heller ikkje Jerusalem. Partiet ser på Jerusalem som Israel sin udelelege hovudstad.

Namneregistrering[endre | endre wikiteksten]

Sharon vurderte først å kalla partiet sitt Ahrayut Leumit (אחריות לאומית), noko som tyder «Nasjonalt ansvar». Eit anna alternativ var HaTihkva (Von). Då partiet vart registrert den 24. november 2005 valde ein til slutt å kalla det Kadima.

Leiarar og valresultat[endre | endre wikiteksten]

Ved valet i mars 2006 vart Kadima Israel sitt største politiske parti, med 28 mandat i Knesset. Likud blei leiar for ei koalisjonsregjering med Ehud Olmert som statsminister. Sjølv om Kadima også var det største partiet ved valet i 2009 med Tzipi Livni som leiar, fekk det ikkje regjeringsmakt og måtte gå i opposisjon. I 2012 vart Livni vraka som leiar til fordel for den meir konservative Shaul Mofaz. Ein fløy av partiet braut ut og grunnla eit senter-venstreparti, Hatnuah, med Livni som leiar. Ved valet i 2013 vart Kadima det minste partiet i Knesset med berre to mandat. Det stilte ikkje til val i 2015.

Kjende medlemar[endre | endre wikiteksten]

Viktige personar som gjekk over frå Likud: