Kadmiering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kadmiering er prosessen der ein legg på eit sjikt av grunnstoffet kadmium for å verne mot korrosjon. Dette vert oftast gjort ved elektroplettering i eit alkalisk kadmiumcyanidbad der anoden er av reint kadmium. Grunna prisen vert det berre lagt tynne sjikt på gjenstandar for innebruk, medan det vert brukt eit tjukkare lag på til dømes utstyr for fly og skip, og på våpen. På same måten som sink, er kadmium eit uedelt metall som lettare går i oppløysing enn det edlare grunnmaterialet som er brukt (vanlegvis stål). Stoffet gjev difor korrosjonsvern sjølv om det har kome ein lokal skade i sjiktet.

Kadmium er eit giftig metall, slik at det ikkje kan brukast i samanhengar der det kan kome i kontakt med matvarer. I tillegg er kadmium ei uønskt miljøgift, og ein prøver difor å erstatte prosessen med andre metodar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]