Kafé

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein kafé og eit konditori i Sverige

Ein kafé er ein offentleg og sosial møteplass i skjæringssonen mellom ein restaurant og ein bar. Som det framgår av namnet, er slike stader gjerne nært knytte til servering av kaffi, men også andre typar mat og drikke. Dette er òg opphavet til kaféane, som vart populære samlingsstader i Europa1600-talet, nettopp ved introduksjonen av kaffi.

Nokre av kaféane er såkalla «kafeteriaer», der det dels er sjølvbetening, dels servering over disk.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Den tidlegaste kjelda ein har om kaféar er frå Mekka på slutten av 1400-talet. Ein veit òg at to kafear opna i Konstantinopel i år 1554. Dei eldste kjeldene på at det fanst kaféar i Venezia er frå 1685. Den mest kjende, Café Florian opna i 1720 i Venezia og finst endå.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]