Kafe Kaffan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kafe Kaffan (òg kafe kaffaen, kafe kafan, kafe kaffaan) var ein aktivistkafe i Bergen. Kafeen starta opp i år 2000, og låg opphavleg i Vestre Torggate 6, under kontora til Raud Valallianse. Kafeen vart starta opp med stønad frå RV. Vinteren 2005 vart kafeen tvinga til å flytte til Marken i Bergen, der drifta starta opp att i mai same år. I 2006 måtte så kafeen stenge ned etter økonomiske og administrative problem.

Kafeen vart driven av gjestene, og var organisert som eit kollektiv der allmøtet, der alle hadde møterett, tok avgjerder og delegerte makt til eit arbeidsutval. Kafeen vart ikkje registrert som ei verksemd eller organisasjon, og dette gjorde at kafeen hadde problem med å få tilskot. Kafeen hadde eit stort utval bøker som vart donert av gjevarar og delvis frå Oktober-bokhandelen i Haugesund. Kafeen vart òg nytta til møte og andre samlingar på venstresida i Bergen.