Kaffistova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kaffistova i Nordre gate 26 i Trondheim. Frå eit postkort.
Foto: Trondheim byarkiv
Kaffistova i Stortorget 8 i Kristiania fotografert i 1910.
Foto: Anders Beer Wilse

Kaffistova er ein serveringsstad som har profilerert seg med nynorsk språk, alkoholfrie lokale og tradisjonell norsk mat.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den første kaffistova opna i Kristiania hausten 1901, og i åra som følgde vart Kaffistova etablert som serveringsstad for landsungdom i alle dei største norske byane. Kaffistova i Bergen vart etablert i 1903, i Trondheim i 1904. Kaffistova i Mosjøen vart etablert i Sjøgata i 1906 under namnet «Bondekaffistova».

Ved å tilby innflyttarar og tilreisande ein heim i byen, der folk kunne kjenne seg trygge, vart kaffistovene ei suksess som trekte til seg landsungdom og gav inntekter til lokale ungdomslag og mållag. For mange var det viktig at det fanst serveringsstader som ikkje selde alkohol. På det meste fanst det 130 kaffistover på 90 ulike stader i Noreg; berre i Oslo var det minst seks stover.

Kaffistova i dag[endre | endre wikiteksten]

I 2005 var det kaffistover i Tromsø, Harstad, Mosjøen, Bergen, Gjøvik, Liknes i Kvinesdal (denne kaféen var i privat eige), Skien og Oslo. Kaffistovene samarbeidde ei tid gjennom tensteorganisasjonen Norske kulturbygg (avvikla i 2012), mange av dei var knytt til hotell med namnet Bondeheimen - slik som t.d. Hotell Bondeheimen. Kaffistovene er eigd av lokal- og fylkeslag i Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]