Kaffistova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kaffistove)
Kaffistova i Nordre gate 26 i Trondheim. Frå eit postkort.
Foto: Trondheim byarkiv
Kaffistova i Stortorget 8 i Kristiania fotografert i 1910.

Kaffistover skipa av eit lokal- eller fylkeslag i Noregs Ungdomslag eller Noregs Mållag (seinare kalla rørsla) er ein serveringsstad som har profilerert seg med nynorsk språk, alkoholfrie lokale og tradisjonell norsk mat. Kaffistovebegrepet har elles også vore brukt på mange privateigde serveringsstader.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den første kaffistova i rørsla opna i Kristiania hausten 1901, og i åra som følgde vart Kaffistova etablert som serveringsstad for landsungdom i alle dei største norske byane. Kaffistova i Bergen vart etablert i 1903, i Trondheim i 1904. Kaffistova i Mosjøen vart etablert i Sjøgata i 1906 under namnet «Bondekaffistova».

Ved å tilby innflyttarar og tilreisande ein heim i byen, der folk kunne kjenne seg trygge, vart kaffistovene ei suksess som trekte til seg landsungdom og gav inntekter til lokale ungdomslag og mållag. For mange var det viktig at det fanst serveringsstader som ikkje selde alkohol. På det meste fanst det 130 kaffistover på 90 ulike stader i Noreg; berre i Oslo var det minst seks stover.

Kaffistova i dag[endre | endre wikiteksten]

I 2024 var det berre att ei kaffistove, i Oslo. Denne kaffistova er eigd av Bondeungdomslaget i Oslo (BUL), lokallag i Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag. Kaffistovene samarbeidde ei tid gjennom tensteorganisasjonen Norske kulturbygg (avvikla i 2012), mange av dei var knytt til hotell med namnet Bondeheimen - slik som t.d. Hotell Bondeheimen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]