Kafr Batna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 33°30′N 36°22′E
Kafr Batna
كفر بطنا, Kfar Batna
by
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Rif Dimashq guvernement
Distrikt Markaz Rif Dimashq
Nahiyah Kafr Batna
Koordinatar 33°30′N 36°22′E
Folketal 22 535 (2004)
Tidssone EET (UTC+3)
Syria location map3.svg
Locator Red.svg

Kafr Batna (arabisk كفر بطنا, òg skrive Kfar Batna og Kafar Batna) er ein by i Rif Dimashq guvernement sør i Syria og ein forstad til Damaskus.[1][2] Han ligg kring 4 km aust for nabolaget Bab Sharqi.[3] Kafr Batna hadde eit folketal på 22 535 i 2004.[4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet Kafr Batna indikerer at han var tidlegare ein arameisk landsby i jarnalderen.[1]

Under Qays-opprøret mot abbaside-guvernøren av Syria, slo opprørarane leia av Muhammed ibn Bayhas leir i byen i 842 evt. før dei drog vidare til Damaskus. Her fekk dei støtte frå andre landsbyar i Ghouta-området, som hjelte dei i det mislukka oppøret.[5] Yaqut al-Hamawi vitja byen i 1226, under Ajjubide-dynastiet, og skidlra han som «ein landsby på Ghautah ved Damaskus, i Da'iyyah iklim (distrikt).» Han skreiv òg at somme medlemmar av Umayyade-folket, som styrte i Syria fram til midten av 700-talet, framleis budde i Kafr Batna.[6]

Syrisk opprør[endre | endre wikiteksten]

Somme av innbyggjarane i Kafr Batna har delteke på begge sider under den syriske borgarkrigen. Den 29. januar 2012 køyrde stridsvogner frå den syriske hæren inn i forstaden for å drive ut opprørarar i Den frie syriske armeen (FSA), som hadde stillinga der. Sjølv om det ikkje er verifisert, rapporterte aktivitstar mot regjeringa at fem FSA-soldatar og 14 sivile,[7] inkludert minst ein mindreårig,[2] vart drepne under åtaket.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Burns, s.14-15.
  2. 2,0 2,1 Siddique, Haroon. Syrian troops battle to retake Damascus suburbs. The Guardian. 2012-02-29. Henta den 26. juni 2014.
  3. Oriental Ceramic Society, s.24.
  4. Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Rif Dimashq guvernement. (arabisk)
  5. Cobb, s.97.
  6. le Strange, s.469.
  7. 7,0 7,1 Forces battle to retake Damascus suburbs. The Daily Star. 2012-01-30. Henta den 26. juni 2014.