Kafr Buhum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 35°3′40″N 36°41′50″E
Kafr Buhum
كفر بهم
landsby
Kfarbou11.jpg
Landskap i Kafr Buhum
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Hama guvernement
Distrikt Hama-distriktet
Nahiyah Hama
Høgd 330 moh.
Koordinatar 35°3′40″N 36°41′50″E
Folketal 12 194 (2004)
Syria location map3.svg
Locator Red.svg

Kafr Buhum (arabisk كفر بهم, syrisk: ܟܟܦܪ ܒܚܡ, Kafar Bouhoum) er ein by sentralt i Syria i Hama guvernement, 9 km sørvest for Hama, 210 km nord for Damaskus og 160 km sør for Aleppo. Av stader i nærleiken finn ein al-Rabiaa og Matnin i nordvest, Tayzin i nord, al-Khalidiyah i aust, Tell Qartal i søraust, Birin i sør og al-Muaa i sørvest. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde Kafr Buhum eit folketal på 12 194 i 2004.[1] Innbyggjarane er hovudsakleg kristne.[2] Han ligg 330 meter over havet.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Den første delen av namnet (Kfar) er syrisk og tyder «gard» eller «landsby». Den andre delen har fleire mogelege tydingar, som

  • Ei fleirtalsform av ordet Pehmi som på syrisk tyder «klippe» eller «stein».
  • Buhum som på syrisk tyder «ein sterk mann» .
  • Kafr Abu som på syrisk tyder «stort hus».
  • Kafr Ebham: Ebham er arabisk for «mini».

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei første husa i byen vart truleg bygde av folk som flytta dit frå dei kringliggande grottene. Spor indikerer at byen har eksistert i to tusen år. Byen vart religiøst viktig og har mange gamle kyrkjer, som St. Georgkyrkja.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Hama guvernement. (arabisk)
  2. Socin, 1912, s. 371.