Kafr Manda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kafr Manda
כַּפְר מַנְדָא, Kafar Manda, Kfar Manda, Kufur Manda
lokal kommune
Namneopphav: Landsbyen til Menda[1]
Land  Israel
Distrikt Nord
Koordinatar 32°49′N 35°16′E
Areal 11,05 km²
Folketal 15 000  (2005)
Folketettleik 1 357 / km²
Grunnlagd 1000-talet
 - Bystatus 1973
Borgarmeister Rafi' Hajajra
Kart
Kafr Manda
32°49′0″ N 35°16′0″ E
Wikimedia Commons: Kafr Manda

Kafr Manda eller Kfar Menda (arabisk كفر مندا}}, hebraisk כַּפְר מַנְדָא) er ein arabisk by i Nedre Galilea i fjellsida av Atzmon i Nord distrikt i Israel. Kafr Manda ligg 16 km nordvest for byen Nasaret. Han hadde eit folketal på 15 000 i 2005, hovudsakleg muslimske arabarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Før-osmansk tid[endre | endre wikiteksten]

Landsbyen ligg på ein gammal stad på ein låg ås. Det er gjort funn frå antikken her, mellom anna to bitar av søyler og kapitel.[2]

I følgje den muslimske vitskapsmann Yaqut al-Hamawi på 1200-talet,

Kafr Manda ligg mellom Akko og Tiberias og vert òg kalla Midian. Grava til kona til Moses ligg her. Ved Kafr Mandah kan ein òg sjå gravene til to av sønene til Jakob, Asher og Nafthali vert det sagt.[3]

Osmansk tid[endre | endre wikiteksten]

I 1596 var Kafr Manda oppført i osmanske skattelister som ein del av Tabariyya nahiya i Safad liwa. Han hadde ein heilt muslimsk folkesetnad som bestod av 93 hushaldningar og 11 ungkarar. Skattar vart betalte for kveite, bygg, oliventre, bomull, soghum, geiter og/eller bikubar, og ei presse for oliven eller druer.[4]

I 1875 skreiv den franske oppdagaren Victor Guérin at landsbyen hadde kring 400 innbyggjarar, alle muslimar.[5]

I 1881 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Kefr Menda som ein «leirsteinslandsby ved foten av Jebel ed Deibebeh, med kvit muqam i seg. Folkesetnaden er gjeven som 200 sjeler.»[6]

Det britiske mandatet[endre | endre wikiteksten]

I folketeljinga i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Kufr Manda eit folketal på 428, alle muslimar.[7] I folketeljinga i 1931 var folketalet i Kafr Manda, i lag med den arabiske el Hujeirat, totalt 975, alle muslimar, i 187 folkesette hus.[8]

I 1945 var folketalet i Kafr Manda 1 260, alle arabarar, som eigde 14 935 dekar land, i følgje ei offisiell landmåling.[9] 795 dekar var plantasjar og irrigert land, 7 960 for korn,[10] medan 47 dekar vart utbygd (urbant) land.[11]

Under Israel[endre | endre wikiteksten]

I krysset mellom Akko og Nasaret vart Kafr Manda kringsett av den framrykkande israelske hæren under Operasjon Hiram, 29-31. oktober 1948. Mange av innbyggjarane i landsbyen flykta nordover, men somme vart verande att og vart ikkje forviste av dei israelske soldatane.[12] Byen vart verande i unntakstilstand fram til 1966. Han fekk lokal kommunestatus i 1973. Sidan då har vegane vorte asfalterte, skular er bygd og infrastruktur som kloakk, elektrisitet og vatningssystem er utbygd.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palmer, 1881, s. 110
  2. Dauphin, 1998, s. 668
  3. le Strange, 1890, s.470.
  4. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 187.
  5. Guérin, 1880, s. 488-489
  6. Conder and Kitchener, 1881, s. 274
  7. Barron, 1923, Table XI, Underdistrikt of Nasaret, s. 38
  8. Mills, 1932, s. 74
  9. Government of Palestina, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 62[daud lenkje]
  10. Government of Palestina, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 109[daud lenkje]
  11. Government of Palestina, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 159[daud lenkje]
  12. Morris, Benny (1987) The birth of the Palestinian refugee problem, 1947-1949. Cambridge University Press. ISBN 0-521-33028-9. s.226

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]