Kafr Zita

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kafr Zita
كفر زيتا, Kafr Zayta
by
Land  Syria
Guvernement Hama
Distrikt Mhardeh
Nahiyah Kafr Zita
Koordinatar 35°22′25″N 36°36′6″E / 35.37361°N 36.60167°E / 35.37361; 36.60167
Folketal 17 052  (2004)
Tidssone EET (UTC+2)
Kart
Kafr Zita
35°22′25″N 36°36′06″E / 35.37361111°N 36.60166667°E / 35.37361111; 36.60166667
Wikimedia Commons: Kafr Zita

Kafr Zita (arabisk كفر زيتا, òg skrive Kafr Zayta) er ein by nord i Syria i Hama guvernement, 30 kilometer nord for Hama. Av stader i nærleiken finn ein Kafr Nabudah og al-Habit i nordvest, Khan Shaykhun i nordaust, Mork i aust, Suran i søraust, al-Lataminah, Halfaya og Mhardeh i sør, Tremseh i sørvest og Kirnaz og Hayalin. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde Kafr Zita eit folketal på 17 052 i 2004. Han er òg senter for eit nahiyah («underdistrikt»), ein del av Mhardeh-distriktet, som består av sju stader med eit samla folketal på 39 032 i 2004.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ruinane av ei kyrkje frå bysantinsk tid på 400-talet ligg i Kafr Zita.[2]

Seint i osmansk tid på 1700- og 1800-talet, var Kafr Zita ein av dei største landsbyane i området nord for Orontes og innbyggjarane var ofte på etterskot for skattebetaling og måtte få økonomisk støtte.[3]

I perioden under det franske mandatet i Syria vart Kafr Zita, som mange andre stader i nærleiken, organisert som ei kollektiv jordbruksbygd.[4] I 1975 vart nahiyah Kafr Zita og Mhardeh slått saman for å dannemantiqah («distriktet») Mhardeh, med sistnemnde som adminstrativt senter.[5]

Den 16. desember 2012, under det syriske opprøret mot styret til Bashar al-Assad som byrja tidleg i 2011, bomba regjeringsstyrkane, som kjempa mot opprørarane, Kafr Zita, og tre barn omkom i følgje Syrisk observatorium for menneskerettar (SOHR).[6] Den 20. desember hevda opprørarne å ha erobra Kafr Zita og ei rekkje andre byar i nærleiken under ein offensiv mot regjeringsstyrkane i nærleiken av Hama.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Folketeljing 2004 Arkivert 2013-01-12 ved Archive.is. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Hama guvernement. (arabisk)
  2. Bulletin de la Société historique et archéologique de l'Orne. 63-71. (1945). s. 73. (fransk)
  3. Phillip, 1992, s. 274.
  4. Comité de l'Asie française, 1933, s. 132.
  5. Centre d'études et de recherches URBAMA (France), 1986, s. 463.
  6. Camp residents flee Syria warplanes: NGO. Agence France Presse. 2012-12-17.
  7. UN sees no prospect of end to Syria violence. Al-Jazeera English. 2012-12-20.