Kai Øverland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kai Øverland
Fødd 27. februar 1931
Død

27. august 1975

Yrke fagforeiningsleiar, politikar

Kai Øverland (27. februar 193127. august 1975) var ein norsk røyrleggjar, fagforeiningsleiar og politikar frå Trondheim. Han representerte Sosialistisk ValforbundStortinget frå 1973 til han døydde.

Øverland var son til ein glasmeister. Sjølv arbeidde han som røyrleggjar frå 1947 til 1969, der han var han tilsett som oppmålar ved Rørleggernes Forening i Trondheim.

Øverland melde seg inn i Sosialistisk Folkeparti då partiet vart skipa i 1961. Han var sentral for partiet i Sør-Trøndelag, landsstyremedlem i SF fram til 1968. Valperiodane 1968-71 og 1972-75 var han medlem i formannskapet for Trondheim. Lokalt var han elles styremedlem 1964-71 i Trondheim Sporvei, 1968–73 i Trondheim Trafikkselskap og 1972–73 i Trondheim og Omegn Boligbyggelag.

Øverland engasjerte seg mykje i kampen mot norsk medlemskap i EEC. Frå hausten 1973 var han stortingsrepresentant for Sør-Trøndelag og Sosialistisk Valforbund, eit samarbeid mellom Sosialistisk Folkeparti, Norges Kommunistiske Parti og andre venstreorienterte. På Stortinget var han medlem i Kommunal- og miljøvernkomiteen.

Aud Gustad tok over plassen hans i Stortinget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]