Kai Anker Møller

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kai Anker Møller
Kai Bisgaard Anker Møller.jpg
Fødd22. mai 1859
Halden
Død22. september 1940
Fredrikstad
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar
Utdanna vedNoregs miljø- og biovitskaplege universitet
MorDikka Møller
EktefelleKatti Anker Møller
BarnTove Mohr

Kai Bisgaard Anker Møller (22. mai 185922. september 1940) var ein godseigar og stortingsmann frå Berg i Østfold, medlem av Venstre. Han var son av Dikka Møller og var gift med Katti Anker Møller og var såleis svigerson til Herman Anker.

Møller var son til eigaren av godset Thorsø i Borge. Han tok sjølv over godset i 1885 og dreiv det vidare. Før han kom så langt vart han i 1877 student frå Christiania katedralskole, og tok i 1880 eksamen på den høgare landbruksskulen på Ås. Høvesvis 1882-83 og 1885 studerte han landbruk i Danmark og i England.

Møller var medlem av heradsstyret i Borge 1887-1907 og på ny 1910-??, ordførar i mange år. Han var skulestyreformann frå 1891 til 1904. Frå 1906 var han formann i Venstre i Smaalenene, då ein ordna styreskipnaden etter dei enkelte einmannskrinsane til stortingsvalet var han formann for Venstre i Glemmen krins. Han var formann i landbruksselskapet i Smaalenene, og for landbruksselskapa sitt felleskjøp frå 1897. I 1906 vart han vald til preses i Selskabet for Norges Vel.

Møller var 2. representant på Stortinget for Venstre og Smaalenenes amt i perioden 1900-03. Han møtte einast sesjonen 1900-01, dei to siste sesjonane hadde han sjukdomsforfall. På tinget var han medlem av landbrukskomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]