Kai Arne Engelstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kai Arne Engelstad
Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. desember 1954 (69 år)
Oslo
Idrett lengdeløp på skeiser
Tok del i

Vinter-OL 1980, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1984 – 1000 meter herrer

Kai Arne Engelstad (fødd 21. desember 1954) er ein norsk tidlegare skeiseløpar frå Oslo. Han vann bronsemedaljen på 1000 meter under Vinter-OL 1984 og kom på tredjeplass i sprint-VM same sesongen. Engelstad, som vann tre nasjonale sprintmeisterskap, var medlem i Arbeidernes Skøyteklubb/Ask Skøyteklubb.

Engelstad vart nummer fem og beste nordmann ved sprint-VM 1976 i Vest-Berlin. Året etter vart han norsk sprintmeister på Tynset, medan han i 1978 og 1979 måtte sjå seg slått av Frode Rønning i dei nasjonale sprintmeisterskapane. I 1980 kom Engelstad på femteplass i sprint-VM.

Etter tredjeplassar ved sprint-NM 1981 og 1982, gjekk Engelstad dei neste sesongane heilt til topps ved sprintmeisterskapen 1983 på Røros og 1984 i Verdal. Seinare i OL-sesongen 1984 fekk han bronsen på 1000 meter under vinterleikane i Sarajevo i dåverande Jugoslavia. Tre veker etter vinterleikane vart han nummer tre ved sprint-VM i Trondheim.

Engelstad la opp etter 1986-sesongen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]