Kai Donner
| Kai Donner | |||
| | |||
| Fødd | 1. april 1888 Helsingfors | ||
|---|---|---|---|
| Død | 12. februar 1935 Helsingfors | ||
| Nasjonalitet | Finland, Storfyrstedømmet Finland | ||
| Område | etnologi, språkvitskap, politikk | ||
| Yrke | oppdagar, lingvist, politikar, universitetslærar, militær, etnolog | ||
| Institusjonar | Helsingfors universitet | ||
| Alma mater | University of Cambridge | ||
| Barn | Jörn Donner, Kai Otto Donner, Joakim Donner | ||
| Medlem | De hvite | ||
Karl (Kai) Reinhold Donner (fødd 1. april 1888 i Helsingfors, død 12. februar 1935 i Helsingfors) var ein finsk filolog, etnograf og politikar.
Han var son til Otto Donner og far til Joakim og Jörn Donner.
Kai Donner vart doktor i filosofie i 1923 og var frå 1924 dosent i uralsk språkvitskap ved Helsingfors universitet. Han fór på forskingsreiser til samojedane mellom 1911 og 1913 og i 1914 og bearbeidde det innsamla materialet både språkvitskapleg og etnografisk.
Han var ein leiande person i jägarrörelsen, og vart i 1915 medlem av Aktiva kommittén. I 1916 vart han nøydd til å flykta til Sverige og Tyskland, og frå 1916 til 1918 tilhøyrde han den finske utanriksdelegasjonen i Stockholm. Etter den finske borgarkrigen vart han verande ei tid i militæret. Frå 1920 til 1922 var han redaktør av det aktivistiske tidsskriftet Suunta. Ved planlegginga av ulike intervensjonistiske prosjekt i Russland var han ein sentral aktør, og vart seinare òg ein forgrunnsfigur i Lapporørsla. Der hadde han sterk innverknad på Vihtori Kosola.
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- Bland samojeder i Sibirien (1914)
- Sibiriska noveller (1919)
- Sibirien, folk och forntid (1933)
- Fältmarskalken friherre Mannerheim (1934)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kai Donner» frå Wikipedia på svensk, den 2. mai 2013.
- Svensk uppslagsbok. Malmö 1931.