Hopp til innhald

Kai Häfner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kai Häfner


Statsborgarskap Tyskland
Fødd 10. juli 1989 (35 år)
Schwäbisch Gmünd
Idrett handball
Tok del i

Sommar-OL 2016, Handball-EM 2018 for menn, Handball-VM 2017 for menn, Handball-VM 2019 for menn, Handball under Sommar-OL 2016 – Menn, Handball under Sommar-OL 2020 – Menn

Kai Häfner (fødd 10. juli 1989 er ein tysk handballspelar frå Schwäbisch Gmünd som i 2016 vart europameister med Tyskland. I 2011 var han med om å vinne EHF-cupvinnarcupen for Frisch Auf Göppingen. Han har spelt høgrekant og høgre rykkromspelar.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Häfner spelte for Frisch Auf Göppingen i tida 2007-11. Åra der vart avslutta med triumf i EHF-cupvinnarcupen. Deretter gjorde han 2011-14 teneste i Balingen-Weilstetten. Frå hausten 2014 og i fem sesongar spelte han for TSV Hannover-Burgdorf. Sidan sommaren 2019 er MT Melsungen hans lag.

Häfner fekk sin landslagdebut 15. april 2010 mot Danmark. Under EM 2016 i Polen kom han inn den tyske troppa og bidrog mykje til at Tyskland vann sigerspokalen. I sluttsekunda av semifinalen mot Noreg skåra han vinnarmålet i 34–33-sigeren. Han var så toppskårar med 7 nettkjenningar då Tyskland vann EM-finalen mot Spania. Hausten 2016 fekk han og det tyske mannskapet bronsemedalje ved Sommar-OL 2016 i Rio de Janeiro.

Häfner deltok Handball-EM i 2018, Sommar-OL i 2021 og i Handball-EM i 2022. I den siste turneringa vart han utelaten etter ein positiv covid-19-test.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]