Kaija Saariaho

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kaija Saariaho
Saariaho cropped - 1.jpg
Fødd14. oktober 1952 (68 år)
FødestadHelsingfors
FødenamnKaija Anneli Laakkonen
OpphavFinland
Sjangeropera
Verka somkomponist
Gift medJean-Baptiste Barrière
Prisarridder av Den nasjonale fortjenstorden, ridder av Ordre des Arts et des Lettres, Léonie Sonnings musikkpris, Schockprisen i musikk, Pro Finlandia, Polar Music Prize, Grawemeyer Award, Wihuri Sibelius-prisen, BBVA Foundation Frontiers of Knowledge Award, æresdoktor ved Université Bordeaux Montaigne, Stoeger Prize, medlem av American Academy of Arts and Sciences Fellow, Grawemeyer Award for Music Composition, Finnish Music Hall of Fame, æresdoktor ved universitetet i Helsinki, æresdoktor ved Åbo Universitet

Kaija Anneli Saariaho (fødd Laakkonen, 14. oktober 1952 i Helsingfors) er ein finsk komponist busett i Paris.

Liv og verk[endre | endre wikiteksten]

Kaija Saariaho studerte med avantgardisten Paavo Heininen ved Sibelius-akademiet i Helsingfors. Saman med Magnus Lindberg og andre stifta ho gruppa Open Ears. Deretter heldt fram ho utdanninga, no med Brian Ferneyhough og Klaus Huber i Freiburg im Breisgau. Ho deltok i Darmstädter Ferienkurse og studerte frå 1982 computerstøtta komposisjon og arbeid med lydband og live-elektronikk ved IRCAM.

På denne tida kom komposisjonar som Verblendungen (1984), eit vekselsspel mellom orkester og lydband, og dessutan Du Cristal (1989) og …à la Fumée (1990), i dei sistnemnde tok ho i bruk live-elektronikk. Under innverknad av spektralmusikk-komponistane Gérard Grisey og Tristan Murail utvikla Saariaho ein stil pregea av langt uthaldne basstonar og mikrotonale intervall. Eit av hennar best kjende verk, Graal théâtre for fiolinar og orkester (1994–97), er skrive i denne stilen.

Verk av Saariaho blei oppførte ved internasjonale festivalar i London (1989), Jakarta (1989), Paris (1989, 1991) og Wien (1993). I 1999 framførte New York Philharmonic Orchestra under leiing av Kurt Masur komposisjonen hennar Oltra mar for kor og orkester.

Ved Festspela i Salzburg i år 2000 dirigerte Kent Nagano ei vellukka oppføring av den første operaen hennar, L’Amour de loin. Amin Maalouf skreiv librettoen på basis av trobadoren Jaufre Rude sitt vida. I 2006 blei operaen Adriana Matar uroppført ved Opéra Bastille i Paris og i Lyon 2010 Émilie, også denne med libretto av Amin Maalouf. Kazushi Ono dirigerte.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

  • 2011 – Léonie Sonnings musikkpris

Viktige verk[endre | endre wikiteksten]

  • Verblendungen (1984; orkester)
  • Nymphéa (1987; strykekvartet, elektronika)
  • Petals (1988; cello, elektronika)
  • Du cristal... (1989; orkester, live-elektronikk)
  • ...à la Fumée (1990; solo altfløyte og cello, orkester)
  • Graal théâtre (1994; fiolin, orkester)
  • L’amour de loin (2000; opera)
  • Orion (2002; orchestra)
  • Adriana Mater (2005; opera)
  • La Passion de Simone (2006; oratorium/opera)
  • Notes on Light (2007; cellokonsert)
  • Terra Memoria (2007; strykekvartett)
  • Laterna Magica, 2008
  • Émilie (2010; opera)

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

  • Graal Théâtre – Gidon Kremer; BBC Symphony Orchestra; Esa-Pekka Salonen – Sony SK60817
  • L’Amour de loin – Gerald Finley; Dawn Upshaw; Finlands nasjonalopera; Esa-Pekka Salonen – Deutsche Grammophon DVD 00440 073 40264
  • Nymphéa – Cikada Strykekvartett – ECM New Series 472 4222

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar