Kailash Satyarthi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kailash Satyarthi
Kailash Satyarthi.jpg
Kailash Satyarthi
Fødd 11. januar 1954 (64 år)
Vidisha i Madhya Pradesh i India
Kailash Satyarthi på Commons

Kailash Satyarthi (fødd 11. januar 1954) er ein indisk barnerettsaktivist. Han grunnla barnevernorganisasjonen Bachpan Bachao Andolan i 1980, og har sidan arbeidd for å fri barnearbeidarar og styrka retten til utdanning gjennom merking av varer laga utan barnearbeid som RugMark, kampanjar som den internasjonale «Global March Against Child Labor» og lokale modellar for utdanning og sjølvstyre.[1][2] I 2014 blei han tildelt Nobels fredspris saman med pakistanske Malala Yousafzai, ein annan aktivist for barnerettar.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Reuters (2014-10-10), «'Nobel peace prize 'an honour to children in slavery', Kailash Satyarthi says'», The Times of India, henta 2014-10-10 
  2. «Who is Kailash Satyarthi?», Hindustan Times, henta 2014-10-10 
  3. «The Nobel Peace Prize for 2014», nobelprize.org, 10. oktober 2014. Vitja 10. oktober 2014.