Namnet Kai

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kaj)
Hopp til navigering Hopp til søk

Kai, Kaj og Kay(e) er namn som kan brukast som mannsnamn, kvinnenamn og slektsnamn i ulike kulturar. Kai har norsk namnedag den 14. oktober.

Opphav og tydingar[endre | endre wikiteksten]

Det nordiske mannsnamnet Kai har frisisk opphav, men ukjend tyding. Det kan vera eit kortform av namn som Gerhard, Nicolaas, Cornelis eller det latinske Caius. Det kymriske (walisiske) Kai, typisk stava Cai eller Cei, er også knytt til Caius, som opphavleg blei brukt om ein brudgom.

Med skrivemåten Kay eller Kaye kan namnet vera eit engelsk kortnamn eller døypenamn for kvinner. Det er ei mogleg kortform for namn som byrjar med K (engelsk uttale [kei]), til dømes Katherine.

Kai finst også som namn i polynesiske språk, på japansk, kinesisk og hmong. På hawaiisk tyder ordet 'hav', noko det også kan gjera på japansk. På kinesisk kan det ha ulike skriftteikn og tydingar. Det utbreidde kantonesiske 繼 kan tyda 'endelaus' eller 'tettsitjande' som silke, medan det mandarinkinesiske 凱 tyder 'siger'. Eit anna teikn, 開, tyder 'open'.

Namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Menn[endre | endre wikiteksten]

Kvinner[endre | endre wikiteksten]

  • Kay Boyle (1903–1993), amerikansk forfattar
  • Kay Tse (f. 1977), hongkongkinesisk songar
  • Stephanie Kay Panabaker (f. 1990), amerikansk skodespelar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]