Kakiplomme
| Kakiplomme | |
Kakiplomme | |
| Status | |
| Status i verda: | |
| Systematikk | |
| Rike: | Planteriket Plantae |
| Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
| Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
| Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
| Orden: | Lyngordenen Ericales |
| Familie: | Ebenaceae |
| Slekt: | Sharon Diospyros |
| Art: | Kakiplomme D. kaki |
| Vitskapleg namn | |
| Diospyros kaki | |
Kaki, kakifrukt eller kakiplomme er gule eller raude bær som kan minna om tomatar. Dei er også kjende under namna persimon og den særskilde typen sharon.

Kakitreet kjem frå Aust-Asia og høyrer til ibenholtfamilien, og frukta har vore mykje dyrka i Kina, Korea og Japan. Det blir også dyrka i California, middelhavslanda og i høgareligande tropiske område.
Kakiplommer inneheld opptil 20 % sukker, mykje A-vitamin, noko kalium og C-vitamin.
Kakifrukt blir ofte hausta umogen, og inneheld då mykje garvesyre som gjev ein beisk smak. Ho kan mognast i romtemperatur, og går då frå å vera gule og sure til å vera raude og søte. Fruktkjøtet er saftig og kan minna om gelé. Kakifrukt held seg ikkje så lenge, og blir ofte tørka.
Sharon-typen inneheld ikkje garvesyre, og kan dermed etast utan ettermogning. Denne frukta blei utvikla i Israel og har namn etter Sharon i Israel.
- Blad og blomar av kakitreet.
- Tørking av kakifrukt i Japan.Foto: Sakurai Midori
- Tørka frukt.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «kaki – bær» i Store norske leksikon, snl.no.
- «Sharon» Arkivert 2008-12-23 ved Wayback Machine. ved frukt.no
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- PERSIMMON Arkivert 2016-10-25 ved Wayback Machine. ved crfg.org
- (en) Kakiplomme i Catalogue of Life
- (en) Kakiplomme i Encyclopedia of Life
- (en) Kakiplomme i Global Biodiversity Information Facility
- (en) Kakiplomme hos ITIS
- (en) Kakiplomme hos NCBI
- (en) Kakiplomme hos Plants of the World Online
- (en) Kakiplomme hos The International Plant Names Index
- (en) Kakiplomme hos Tropicos
- (en) Kategori:Diospyros kaki – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Diospyros kaki – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Diospyros kaki – detaljert informasjon på Wikispecies