Kaland i Bergen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Kaland
stad
none Kaland på nordsida av Kalandsvatnet
Kaland på nordsida av Kalandsvatnet
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Bergen
Postnummer 5229 KALANDSEIDET

Kaland er ein gard i Fana i Bergen. Garden ligg på austsida av Kalandsvatnet ved Kalandseidet.

Garden høyrte til Lyseklostergodset før brukarane sjølv tok over garden frå 1874.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet kjem truleg av det norrøne kalfr som tyder «kalv», altså eit land der kalvar beitar. Kaland har gjeve namn til Kalandseidet og Kalandsvatnet, som er det størst vatnet i Bergen kommune, samt Kaland skole og Kalandseid idrettslag.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kaland ligg på austsida av Kalandsvatnet og strekkjer seg austover mot Hauglandsvatnet og byrjinga på Hauglandsdalen. I sør ligg Bahusvatnet og Eidatjørna.

Kaland Smådal i vest, Kismul i sørvest, Fortunet, Bahus og Lyngbø i sør, Engevik i aust, Austevoll i nordaust og Almeland i nord. I tillegg grensar han til ei utmark som ligg under Indre Hamre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]