Qalandiya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kalandia)
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 31°51′47″N 35°12′27″E
Kalandia
قلنديا, Qalandiya
kommune
Flickr - boellstiftung - Flüchtlingslager Kalandia.jpg
Kalandia flyktningleir
Namneopphav: Kulundia, førenamn[1]
Land Flag of Palestine.svg Dei palestinske territoria
Guvernement Jerusalem guvernement
Koordinatar 31°51′47″N 35°12′27″E
Areal 3,3 km²
Folketal 25 595 (2006)
Folketettleik 7 756 / km²
Wikimedia Commons: Qalandia

Kalandia (arabisk قلنديا, hebraisk skrift קלנדיה), òg Qalandiya, er ein palestinsk landsby på Vestbreidda, mellom Jerusalem og Ramallah, like vest for Jerusalem kommune. I 2006 budde det 1 154 innbyggjarar i landsbyen, i følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå.[2] Kalandia er òg namnet på ein flyktningleir, oppretta av UNWRA i 1949. Han ligg like aust for Jerusalem kommune. Kalandia flyktningleir vart bygd for palestinske flyktningar frå Lydda, Ramle og Jerusalem etter den palestinske utflyttinga i 1948.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det er funne fleire oldtidsgraver i Kalandia.[4] Ein har òg grave ut eit bysantinsk bad og ein har funne keramikk frå den same perioden.[5]

Under krossfarane var Kalandia ein av 21 landsbyar gjeven av kong Godfrey som eit len til prestane i Den heilage grav-kyrkja.[4][6][7][8]

Kalandia vart, som resten av Palestina, ein del av Det osmanske riket i 1517, og i osmanske skattelister frå 1596, var landsbyen, då kalla Qalandiya, ein del av Al-Quds nahiya i Al-Quds liwa. Landsbyen eit folketal på 15 hushaldningar, alle muslimar, og betalte skatt for kveite, bygg, oliven, tilfeldige inntekter, bikubar og/eller geiter.[9]

I 1863 vitja den franske oppdagaren Victor Guérin landsbyen, som han skildra som ei lita grend med nokre få hus med fikenplantasjar rundt.[10]

I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine landsbyen som ein «liten landsby på ei høgd, omgjeve av oliven, med steinbrot i vest.»[11]

Det britiske mandatet[endre | endre wikiteksten]

I folketeljinga i 1922 hadde Qalandieh (Qalandia) eit folketal på 144, 122 muslimar og 22 jødar.[12] Dette hadde auka i folketeljinga i 1931 då Qalandiya hadde ein heilmuslimsk folkesetnad på 120, i 25 hus.[13]

I 1945 var folketalet i Kalandia på 190 arabarar, og landområdet var 3 940 mål.[14] 427 mål var for plantasjar og irrigert land, 2 202 for korn,[15] medan seks mål var utbygde område.[16]

Kalandia lufthamn[endre | endre wikiteksten]

Fram til 1930 var Kalandia den einaste flyplassen i Palestinamandatet, sjølv om det var fleire militære flystriper. Kalandia vart nytta av viktige gjester som kom til Jerusalem.[17] Han opna for faste flyruter i 1936.[18] Etter seksdagarskrigen fekk han namnet Atarot lufthamn av Israel, men vart nedlagt som følgje av Israel–Palestina-konflikten.[19]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palmer, 1881, s. 321
  2. Projected Mid -Year Population for Jerusalem guvernement by Locality 2004- 2006 Palestinsk statistisk sentralbyrå.
  3. Kalandia Refugee Camp
  4. 4,0 4,1 Conder og Kitchener, 1883, s. 11
  5. Dauphin, 1998, s. 844
  6. de Roziére, 1849, s. 30: Calandria, s.263: Kalendrie, sitert i Röhricht, 1893, RRH, s. 16-17, No 74
  7. Röhricht, 1904, RHH Ad, s. 5, No. 74
  8. Rey, 1883, s. 387
  9. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 116
  10. Guérin, 1868, s. 393, Guérin, 1869, s. 6
  11. Conder og Kitchener, 1883, s. 10-11
  12. Barron, 1923, Table V||, Subdistrict of Jerusalem, s. 15
  13. Mills, 1932, s. 42
  14. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 58
  15. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 103
  16. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 153
  17. An Empire in the Holy Land: Historical Geography of the British Administration of Palestina, 1917-1929 Gideon Biger, St. Martin's Press and Magnes Press, New York & Jerusalem, 1994, s. 152
  18. Atarot and the Fate of the Jerusalem Airport
  19. Larry Derfner (23. januar 2001). «An Intifada Casualty Named Atarot». The Jewish Journal of Greater Los Angeles. Henta 5. september 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  1. «Camp Profiles». unrwa.org. United Nations Relief and Works Agency for Palestine Refugees in the Near East. Henta 2 July 2015.