Kaldåga kraftverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 66°3′10.87″N 13°20′11.9″E

Kaldåga kraftverk
Foto: PeltonMan

Kaldåga kraftverk er eit kraftverk i Drevjavassdraget. Det er bygd i 1958, med ein kombinasjon av fjelltunnelar og røyrgater. Det utnyttar energien i fallet på 565 meter frå Kaldåvatnan på Toven. Kraftverket ligg i øvre Drevja i Vefsn kommune.

Kraftverket har nedslagsfelt på 19 km². Kaldåvatnan vert bruka som vassmagasin. Desse vatnan har òg namn etter talrekka, frå ein til ti. Nivatnet er det største av desse, og det er leidd til Einvatnet gjennom en 2300 meter lang tunnel. Fra Einvatnet renn vatnet ned til kraftstasjonen gjennom eit 1800 meter langt stålrøyr.

Kraftverket har ein installert effekt på 15 MW og ein middels årsproduksjon på 68 GWh. Anlegget er eigd av Helgelandskraft.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]