Kaldblodshest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
To kaldblodshestar dreg ei slede i snøen.

Kaldblodshest er ei gruppenemning på dei hesterasane som er minst i slekt med den orientalske hesten. Gruppa er karakterisert ved grov kroppsbygnad og grove bein, store hovar med velutvikla hovskjegg, kraftig muskulatur og roleg temperament. Rasane har typisk lang, rektangulær kroppsbygnad. Alle dei fire nasjonale hesterasane i Noreg (dølahest, norsk kaldblodstravar, fjordhest og lyngshest/nordlandshest) høyrer til i denne gruppa saman med dei tyngre trekkhestrasane i Europa. Ardennarhest er ein kjend og utbreidd kaldblodshest; andre typar er islandshest, percheron, shirehest, dølahest, finsk hest, clydesdale og suffolk punch.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne dyreartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.