Kalebass

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dekorert kalebass frå Kongo

Kalebass (frå spansk calabaza gjennom fransk calebasse,[1] kanskje opphavleg persisk) er namnet på det hole og tørka fruktskalet frå det tropiske kalebasstreet (Crescentia cujete) i trompettrefamilien Bignoniaceae, som ein finn i Sør-Amerika. I andre område brukar ein også fruktskal av artar i graskarfamilien (Cucurbitaceae), som til dømes flaskegraskar, (Lagenaria siceraria) til slikt handverk. Ordet «kalebass» vert også brukt om drikkekar, skåler og anna handverk som er laga av slike skal.[2]

Kalebassar har ei rekkje ulike bruksområde. Dei kan brukast som flasker, glas, auser, piper, fløyter, rangler, fuglekasser og flytarar for fiskegarn.[3] Ein kan også dekorera dei gjennom måling, rissing eller utskjering.

Mat- og drikkekar[endre | endre wikiteksten]

Musikk[endre | endre wikiteksten]

  • Afrikanske perkusjonsinstrumentet som shekere, axatse, balafon og caxixi er ofte laga med kalebassar.
  • Det latinamerikanske perkusjonsinstrumentet güiro er laga av kalebass
  • Maracas kan også lagast av kalebassar
  • Dei sørasiatiske strengeinstrumenta sitar og vina har kalebassar som resonanskassar

Dekorasjon[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «kalebass» i Nynorskordboka.
  2. «Kalebass» hjå Store norske leksikon, innhenta 4. juli 2010 (lisensiert under CC-BY-SA).
  3. «Gourd | plant and fruit», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 3. februar 2020