Kaleidoskop

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kaleidoskopbilete frå ei nyare utgåve
Kaleidoskop er også namn på fleire tidsskrift og andre fenomen i inn- og utland.

Eit kaleidoskop (av gresk kalos, eidos, scopeο, «flott, form, syn») er eit optisk instrument og eit leiketøy. Det er samansett av ein spesielt konstruert spegldel og eit større tal farga bitar av glas, stein, plast eller liknande. Dei farga bitane kan ristast på, slik at dei spreier seg i stadig nye mønster.

Spegla er spesielt tilskorne og tilpassa, slik at det vert danna symmetriske mønster når ein kikar gjennom kikehòlet. Dei står anten i ein spiss eller rett vinkel i høve til kvarandre. Ved 45 grader får ein åtte speglingar, ved 60 grader får ein seks, og ved 90 grader får ein fire. Når fleire spegl står mot kvarandre, vert speglingane gjentekne i det uendelege.

Kaleidoskopet vart oppfunne av Sir David Brewster i 1816. Han fekk patent på oppfinninga si i 1817.

Ordet kaleidoskopisk vert brukt om noko som er skiftande eller uoversiktleg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]