Kalenderlys

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brennande kalenderlys.
Kalenderlys med dekorasjonar og tal i ein oppsats.

Kalenderlys eller datolys er eit levande lys markert med tal som står for dagane i desember fram til jul. Det fungerer som ei form for adventskalender der ein kvar dag brenn eit lite stykke av lyset og sløkker det att. På julaftan eller juledag er lyset brent ned.

Ein kan laga kalenderlys sjølv eller kjøpa dei ferdig dekorerte. Lysa kan ha ulike fargar, som kvitt, raudt, grønt, gull eller sølv.[1]

Lyset kan stå i ein vanleg lysestake eller i ein heimelaga juledekorasjon, til dømes av leire med sølvpapir rundt eller oasis med plantemateriale som granbar, kristtorn, eføy, tørka plantedelar og konglar, og julepynt som kuler og band.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Frå tidleg på 1900-talet var det vanleg at ein telde dagane til jul på skulen. Heime kunne ein også ha heimelaga kalendrar, nokre med lys som blei tend for kvar dag som gjekk. På 1930-talet kunne mange kjøpa inn eit stort lys som dei laga kalenderlys av. I 1935 skildra danske Lis Byrdal krorleis ein kunne laga kalenderlys i boka Smaa Fester - glade Gæster:

En idé til børnene er at dele et lille tykt lys med 23 tynde, sorte tuschcirkler, som man kan lægge farver imellem, hvis man vil. Hver aften lige fra d. 1. december brænder man så et stykke ned – hele tiden til den næste streg. Den dag lyset brænder ud, er det jul – og træet tændes.[2]

I 1942 byrja det danske selskapet Asp & Holmblad produksjon av ferdige kalenderlys.[3] Dei byrja med Jakobslyset, inspirert av himmelstigen som patriarken Jakob drøymde om. Produktet blei seinare til Kalenderlys No. 1, som er blitt seld i same utforming sidan 1942.[4]

Kalenderlys blir ofte brukt heime. I til dømes Storbritannia er det vanleg å bruka slike lys heime i advent, medan adventslys i eigne stakar blir brukt mest i kyrkja.[5]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «2. december – lidt om kalenderlys…», madenimitliv.dk, 2. desember 2013, arkivert frå originalen 21. desember 2016, henta 13. desember 2016 
  2. worldcat.org: 'Smaa Fester - glade Gæster', worldcat.org
  3. «Lys», Jul i Dannevang, henta 13. desember 2016 
  4. Historien om DET LEVENDE LYS, ASP-HOLMBLAD A/S, arkivert frå originalen 20. desember 2016, henta 13. desember 2016 
  5. «Christian celebration of Advent» (på engelsk). BBC. 16. desember 2010. Henta 27. november 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kalenderlys