Kalif

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kalifen)
Persisk miniatyr som viser Abu Bakr som kalif.

Kalif (arabisk خليفة, 'etterfølgjar, stedfortredar') er ein tittel innan islam om ein leiar rekna som etterfølgjar av profeten Muhammed.

Tittel vart først teken i bruk av Abu Bakr, svigerfaren til Muhammed, då han tok leiarskapen over ummaen, eller det muslimske samfunnet, i år 632. Kalifen regjerte over alle muslimar og vart sett på som det høgaste embete innan det islamske samfunnet.

Kalifatet kombinerte fire funksjonar. Dei ulike regjeringsrollene, som vanlegvis er distinkte funksjonar i dag, var:

  1. Andeleg leiar – den som rettleiar muslimar
  2. Religiøs leiar – den som set i kraft sjarialovane
  3. Politisk leiar – administrerer relasjonar mellom statar og administrerer regjeringa
  4. Militær leiar – den som gjev ordre og utfører militære oppgåver

Kalifane si gjerning var derfor i stordomstida både politisk og religiøs. Dessutan såg ein på kalifen som ein etterfølgjar av viktige truande i fortida, som Noah og Abraham. Kalifen kunne oppfattast som ein «muslimsk pave». I den katolske kyrkja vart dei to første (andeleg og religiøs funksjon) kombinert i paven si gjerning i dag, men Pavestolen var ein gong òg ei viktig politisk makt.

Kalifar[endre | endre wikiteksten]

Kristen
tidsrekning
Muslimsk
tidsrekning
Det offisielle namnet til kalifen
Dei patriarkalske kalifane
632-34 11-13 Abu Bakr
634-44 13-23 Umar ibn al-Khattab
644-56 23-35 Uthman ibn Affan
656-61 35-40 Ali ibn Abi Talib
Umayyadkalifatet
661-80 41-60 Mu'awiyya ibn Abi Sufyan
680-83 60-64 Yazid I
683-84 64 Mu'awiyya II
684-85 64-65 Marwan ibnu l-Hakam
685-705 65-86 Abu l-Malik
705-15 86-96 al-Walid
715-17 96-99 Sulayman
717-20 99-101 Umar II ibnu Abdi l-Aziz
720-24 101-05 Yazid II
724-43 105-24 Hisham
743-44 125-26 al-Walid II
744 126 Yazid III
744 126-27 Ibrahim
744-50 127-32 Marwan II al-Himar
Abbasidkalifatet
749-54 132-36 as-Saffah
754-75 136-58 al-Mansur
775-85 158-69 al-Mahdi
785-86 169-70 al-Hadi
786-809 170-93 Harunu r-Rashid
809-13 193-98 al-Amin ibn Harun
813-33 198-218 al-Ma'mun ibn Harun
833-42 218-27 al-Mu'tasim ibn Harun
842-47 227-32 al-Wathiq
847-61 232-47 al-Mutawakkil
861-62 247-48 al-Muntasir
862-66 248-52 al-Musta'in
866-69 252-55 al-Mu'tazz
869-70 255-56 al-Muhtadi
870-92 256-79 al-Mu'tamid
892-902 279-89 al-Mu'tadid
902-08 289-95 al-Muktafi ibnu l-Mu'tadid
908-32 295-320 Muqtadir bi'llahi bni l-Mu'tadid
932-34 320-22 al-Qahir bi'llahi bni l-Mu'tadid
934-40 322-29 al-Radi bi'llahi bni l-Muqtadir
940-44 329-33 al-Mutaqqi li'llahi bni l-Muqtadir
944-46 333-34 al-Mustakfi bi'llahi bni l-Muktafi
946-74 334-63 al-Muti' ibni l-Muqtadir
974-91 363-81 al-Tai'i' ibni l-Muti'
991-1031 381-422 al-Qadir bi-amri'llah
1031-75 422-67 al-Qa'im
1075-94 467-87 al-Muqtadi
1094-1118 487-512 al-Mustazhir
1118-35 512-29 al-Mustarshid
1135-36 529-30 ar-Rashid
1136-60 530-55 al-Muqtafi
1160-70 555-66 al-Mustanjid
1170-80 566-75 al-Mustadi'
1180-1225 575-622 an-Nasir li-Dini llah
1225-26 622-23 az-Zahir
1226-42 623-40 al-Mustansir
1242-58 640-656 al-Musta'sim
  • Dei patriarkalske kalifane (632-661) er eit omgrep som vert brukt på dei fire første leiarane av det muslimske samfunnet - Abu Bakr, Omar, Othman og Ali. I denne perioden erobra arabarane store område, og la grunnlaget for det arabiske imperiet. Muhammed sine openberringar vart samla i Koranen. Då Muhammed døydde i 632 hadde han ingen søner som kunne verte etterfølgjaren hans, kalif. Den første kalifen vart hans nære ven og svigerfar Abu Bakr som døydde etter to år. Neste kalif var ein annan av Muhammed sine svigerfedrar, Umar ibn al-Khattab, som vart drepen av ein slave i 644. Den tredje kalifen var ein av Muhammed sine svigersøner, Uthman ibn Affan, som vart drepen av egyptarar i 656. Etter den tredje kalifen Uthman ibn Affan døyded i 656 vart det usemje om etterfølgjar og muslimane vart splitta i fleire flokkar, dei største er sunni- og sjiamuslimar. Ali ibn Abi Talib vart den fjerde kalifen og den første som hadde blodsband til profeten. Ali sine tilhengjarar såg på han for å vere utvald av Muhammed, og første rettmessige etterkomar. Kharijiteane gjorde opprør som enda med at Ali vart drepen i eit attentat.
    Den femte kalifen, Muawiyya ibn Abi Sufyan, heldt til i Syria, og då han døydde våren 680, tok son hans Yazid bin Muawiya over. Ali sin son og barnebarn av profeten, Hussein ibn Ali, hadde fått klare signal om støtte frå muslimar i Mesopotamia og aksepterte ikkje utnemninga. Han heldt til i Medina og la ut på reise til Mesopotamia saman med 72 våpenføre menn og familiane deira. På slettene utanfor byen Karbala møtte dei styrkane til Yazid; 10. oktober 680 stod Slaget ved Karbala der imam Hussein og følgjet hans vart drepne. Denne dagen er ein viktig heilagdag for sjiamuslimene (sjå asjura).
  • Umayyadkalifatet (661-750). Etter martyrdommen til Ali flytta kalifatet til Damaskus i dagens Syria. Kalifane i Damaskus forfølgde sjiaene som ikkje aksepterte styret deira. Etter at Umayyad-klanen var drive bort frå Syria klarte dei å ta makta i dei vestlege delane av imperiet, og etablerte emiratet og etter kvart kalifatet Al-Andalucia i Córdoba som dei heldt til 1031.
  • Abbasidkalifatet (750-1258). Sjiaene vinn makta i 750 og flytter kalifatet austover til Bagdad. Dette var ein periode med stor velstand i hoffet til kalifen, og avstanden mellom dei styrande og folket vart større. Etter kvart mista kalifen politisk makt, og etter 946 hadde sultanen den verdslege makta. I 1258 vart den siste abbasid-kalifen drepen av mongolane.
  • Det osmanske kalifatet (1517-1924) Etter som tida gjekk mista kalifen meir og meir av makta si i den islamske verda. Det osmanske kalifatet vart til slutt rekna som det primære kalifatet, og ved slutten av den første verdskrigen representerte det den største og mest kraftfulle sjølvstendige muslimske politiske eininga.

På byrjinga av 1900-talet kravde osmanske sultanar kalif-tittelen, men etter nedlegginga av sultanatet i 1922 heldt kalifatet fram i to år under den osmanske prinsen Abdul Mejid II før det til slutt vart avslutta i 1924. Etter det har det ikkje vore nokon kalif, og mange muslimar i dag ser ikkje på det som nødvendig å ha nokon, sjølv om mange andre gjer det. Snarare vart det i dag sett på som gale om nokon skulle krevje tittelen, for dei fleste muslimar vil meine at ingen leiar i dag er god nok til å vere ein kalif, òg dei som ser det nødvendig å ha ein kalif, vil tittelen kalif vere så «stort og flott» at de som krev tittelen vert sett som narsissistiske. Likevel er det hos radikale islamistar eit uttalt mål å samle den islamske verden under ein ny kalif.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kalif