Kalkbolle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kalkbollestrukturar ved Merry Beach i New South Wales i Australia.

Kalkbolle eller kalkknoll er ei rund eller puteforma kule av kalkstein i skifer, danna ved utfelling av kalsiumkarbonat frå porevatnet under eller etter avleiringa av det opphavlege leirsedimentet. Mindre kalkbollar kan òg oppstår ved delvis oppløysing av alt danna kalksteinslag, medan det enno låg på havbotnet.

I Noreg er kalkbollane særleg kjend frå kambro-siluravleiringane i Oslofeltet. I alunskiferen opptrer dei som svarte kuler og luktar vondt når ein slår dei i stykker. Derfor vert dei òg kalla stinkkalkbollar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«kalkbolle» i Store norske leksikon, snl.no.