Kalksilikatbergart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Merge-arrows.svg
Det er føreslått at denne sida blir fletta med Kalksilikatbergartar. (Sjå eventuelt diskusjon)

Ein kalksilikatbergart er ein bergart som består av minst halvparten av éit eller fleire av dei følgjande kalsiumrike minerala: bytownitt/anortitt, kalsiumrik skapolitt, diopsid-hedenbergitt, kalsiumrik granat som andraditt og grossular), mineral frå epidotgruppa, johannsenitt, prehnitt, titanitt, tremolitt, vesuvian og wollastonitt, men mindre enn 5 % karbonatmineral.

Desse bergartane oppstår ved metamorfose av ureine kalksteinar og er gjerne skiferaktige eller gneisaktige banda når dei opptrer i lag med glimmerskifer, marmor og amfibolitt i felt.

I Noreg er kalksilikatbergartar kjend frå Kristiansand, Arendal, Møre og Romsdal, Nordland og Troms. I Oslofeltet finst kalksilikatbergartar i kontaktsonen mellom ureine kalksteinar og intrusive djupbergartar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]