Kallídromo
Utsjånad
| Kallídromo Καλλίδρομο | |||
| fjell | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Område | Fokída og Fthiótida | ||
| Høgd | 1 372 moh. | ||
![]() Kallídromo 38°43′43″N 22°36′36″E / 38.728611111111°N 22.61°E | |||
| Wikimedia Commons: Kallidromo | |||
Kallídromo (gresk Καλλίδρομο) eller Kalidromo, eldre former Kallidromon og Kalidromon, er eit fjell i Hellas. Det ligg i søraust i periferieininga Fthiótida og heilt nordaust i Fokída. Det har ei høgd på 1 372 moh. Den antikke byen Thermopylae (dagens Thermopýles) ligg nordvest for fjellet.
Frå toppen av fjellet kan ein sjå dei nærliggande fjella Parnassós i sør og Gióna i vest. Ein kan òg sjå nordaustlege område av Fthiótida og vestlege område av Évvia.
Nærliggande stader
[endre | endre wikiteksten]- Mólos, nord
- Rengíni, aust
- Módi, sør
- Dryméa, sørvest
- Brálos, vest
- Thermopýles og den antikke byen Thermopylae, nordvest
