Kallinge

Koordinatar: 56°14′48.422″N 15°17′12.440″E / 56.24678389°N 15.28678889°E / 56.24678389; 15.28678889
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

56°14′48.422″N 15°17′12.440″E / 56.24678389°N 15.28678889°E / 56.24678389; 15.28678889

Kockums Jernverk i Kallinge, tidleg på 1900-talet

Kallinge er ein tettstad i Ronneby kommun i Blekinge län i Sverige. Han ligg ved E 22 rett nord for Ronneby. I 2005 hadde tettstaden 4 561 innbyggjarar.[1]

Kockums Jernverk låg her, men vart lagd ned i 1991. Det svenske luftforsvaret sin veng F 17 Kallinge ligg her, den vert delt med Ronneby flygplats.

Staden vart skipa under siste halvdel av 1800-talet, då Örmo Bruk vart flytta frå Konga i Småland til fossen ved Kallinge. Kallinge bestod opphavleg av to bygder, Häggatorp på vestsida av elva Ronnebyån, og Kalleberga på austsida.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Statistiska Centralbyrån (besøkt 18. juni 2013)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]