Kallingsheia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.

Kallingsheia er den sørlegaste delen av eit samanhengande heiområde som går gjennom store delar av Aust-Agder og vidare nordover over Haukelifjell og grensefjella mellom Austlandet og Vestlandet.

Geografisk ligg Kallingsheia i Åmli kommune og er den sørlegaste delen av det lange fjell- og heiområdet mellom Gjøvdal og Tovdal i denne kommunen. I randsona inntil heia ligg enkelte gardar slik som Baas, Håkedal, Eppeland, Tviland, Tverstøyl, Vestre Fiskevatn, Mjåvasstøyl og Hunemo. Med unntak av Håkedal som ligg meir inne på heia, stig heia frå ca 200 – 250 m.o.h. ved desse gardsgrendene til 702 m.o.h. på Høgeknatten som er det høgaste punktet på heia. Høgeknatten er ein markert topp med ein varde plassera på eit trigonometrisk punkt. Frå Høgeknatten er utsikten storslått ein solskinnsdag. I sør ser ein havet i ei lang strekning frå nærare Risør i aust til vest for Grimstad. Med kikkert er det råd å sjå båtar som passerer langs kysten. I nordvest til nordaust ser ein delar av fjellområda i Setesdalsheiene og Telemark. Frå Lindenuten, meir mot Tovdalssida, er det mogeleg å sjå Gaustatoppen ein klarversdag.

Kva er det som gjer denne heia så spesiell? Ved fyrste augekast vil vel dei fleste hevde at den er stort sett som andre heiområde i indre Agder. Men for dei som lærer Kallingsheia å kjenne gjev den opplevingar som fører til at ein stadig søker tilbake for å lære den endå betre å kjenne. I jakt og friluftssamanheng blei Kallingsheia tidleg både elska og frykta. Så tidleg som i 1879 bygde nokre rike skipping- og forretningsfolk frå Arendalsområdet ei romsleg jakthytte i sørenden av Kallingsvaten, ei hytte som framleis er i bruk. Valet av denne staden var truleg knytt til den storslåtte naturen der oppe og dei gode tilhøva for jakt og fiske som området rundt gav. Kallingsheia var også i si tid frykta for den store stammen av store rovdyr som heldt til inne på heia, i særleg grad bjørn. Den store bjørneskyttaren Olav Tverstøyl starta sin vidgjetne jaktkarriere i områda ved garden Tverstøyl som er ein av gardane som ligg inntil Kallingsheia.

Framleis gjev Kallingsheia livsgrunnlag for meir sjeldne dyreartar. Så seint som våren 1998 vandra ein bjørn gjennom området og dei seinare åra har det vore ein fast stamme av gaupe, også streifdyr av ulv har passert gjennom området dei siste åra. Både elg, hjort og rådyr finst fast inne på heia, og villrein finn ein til og frå som streifdyr. Kongeørna er fast gjest, det same gjeld hubroen om enn i lite omfang. Og dei seinare åra etter at fisken kom tilbake i ein del vatn og vassdrag er fiskeørna igjen observert. Vegetasjonen er variert, frå skogsområde i randsona med ordinære skogbruksaktivitetar, til store samanhengande urørte område inne på heia der ein berre finn spor etter tidlegare aktivitetar knytt til seterdrift og slått. Geologisk sett ligg Kallingsheia i det store sørnorske grunnfjellsområdet, men sjølv om berggrunnen for ein stor del består av næringsfattige bergartar finn ein lokalitetar med overraskande frodig vegetasjon. I høgdelaget frå 450m til 500 m.o.h. finst ein av Aust-Agders største førekomstar av barlind, i dag freda som eit lite naturvernreservat. Vidare finn ein eik av uventa dimensjonar i same høgdelag, truleg restar etter ein langt rikare vegetasjon tilbake i ein tidsperiode med eit klart varmare klima. I lune granlier finn ein kjempeskog med enkelttre på 3-4 m3 og kanskje meir.

Tilgangen til Kallingsheia kunne nok vore betre enn den er slik det moderne mennesket i dag ynskjer det. For den som verkeleg vil utforske dette vakre og spanande heiområdet er ryggsekken og "apostlenes hester" einaste utvegen. Med utgangspunkt på Dølemo der løypenettet til Turistforeningen startar, er det jamn og tung stigning dei fyrste kilometerane innover heia, men etter kvart som ein stig oppover får ein løn for strevet. Fyrste turen kan gjerne leggast til løypenettet til Turistforeningen, som for ein stor del går etter høgdedraga av Kallingsheia, med fyrste overnattingsstad ved Skarsvassbu i grenseområdet mellom Kallingsheia og Tovdalsheia med Lindenuten i vest.

Men for den som verkeleg vil bli kjent på Kallingsheia må områda på begge sider av høgdedraget nordover vitjast. I særleg grad er områda på austsida av høgdedraget rundt Kallingsvatn og nordover mot Øyvatn, Gunnerslitjønn og Hovatn naturperler i særklasse. Det same må seiast om områda rundt Strandevatn på vestsida av høgdedraget. Ein finn spor etter tidlegare seterdrift og høybuer, men ellers er områda svært lite påverka av menneskeleg aktivitet. I desse områda kan ein opphalde seg i dagar og kanskje veker utan å treffe andre menneske enn ein bonde som er ute for å sjå etter sauene sine eller på haustparten ein jeger som er ute etter elgen eller haren.